Sande nærmiljøråd

Sande nærmiljøråd er ein del av Sunnfjord kommune si satsing på å løfte fram gode utviklingstiltak i dei ulike tettstadane i kommunen og skape engasjement rundt stadutvikling og skape attraktive bumiljø.

Aktivitet i Bygstad nærmiljøråd

Nærmiljørådet på Sande er godt i gang med planar for aktivitetar framover. Rådet arbeider for å få etablert ein gangveg mellom bruene i sentrum tilrettelagt for universell tilgjenge. Dei manglar òg gatebelysning på den eldste brua. Her er heller ikkje fortau, noko som skapar utfordringar med omsyn til trafikktryggleiken. Rådet har kjøpt grillgytte som dei vil sette opp i sentrum. 

Leiar i Sande nærmiljøråd

Bakgrunn for nærmiljørådet

Nærmiljøråda vart etablert som ein del av Sunnfjord kommune etter at Sunnfjord utvikling gjennomførte eit eige tettstadsutviklingsprosjekt der tettstadane i dei gamle kommunane deltok. Som del av dette prosjektet vart det utarbeidd ein eigen rapport om tettstadutvikling i Sande.

Målet med tettstadutviklingsprosjektet var å kome med forslag til tiltak som kan bidra til ein attraktiv bu- og arbeidsregion. Gjennom prosjektet vart det etablert arbeidsgrupper som representerte tettstadene i den nye kommunen. Då den nye kommunen vart etabler i 2020,  vart disse disse gruppene videreført i form av nærmiljøråd. Opphaveleg vart det etablert råd i fem tettstadar: Bygstad, Sande, Naustdal, Skei og Vassenden. Seinare har Viksdalen fått eige nærmiljøråd. 

Aktuelle lenker