Vedtak på nokre tiltak for omstilling og innsparingHer kan du lese kva som blei presentert og vedteke i kommunestyret 13. desember 2024Dette blei behandla i møteInnsparing- og omstillingstiltak som blei lagt fram for politisk vedtak i dette møte er: auka elevbetaling i kulturskulen auke husleige på kommunale bustadar med 5 % mandat til å starte utgreiing av kostnadsdeling mellom kommunar i SYSIKL (legevaktsamarbeid) mandat til å utarbeide forskrift for unødige utrykkingar - automatisk brannalarmar mandat til å utgreie reduksjon av tilskot/innsparing kyrkja mandat til å vurdere organisering av Sunnfjord kommune Vedtak i kommunestyret 13. desember 2024 Kommunedirektøren skal i samarbeid med kyrkjeleg fellesråd utarbeide forslag til reduksjon av tilskot til kyrkjeleg formål med 0,5 mill. kroner i 2025, totalt 1 mill. kroner i 2026, 1,5 mill. kroner i 2027 og totalt 2 mill. kroner i 2028.Kommunedirektøren skal i samarbeid med dei andre kommunane i SYSIKL utgreie kostnadsdeling mellom kommunar i SYSIKL med mål om ei meir rett fordelingAlle elevar i kulturskulen får auke i elevbetaling på 5 % frå 1. februar 2025.Kommunestyret ber om at administrasjonen orienterer Utvalet for oppvekst og kultur om status på ordninga med friplassar på Kulturskulen, før revidering av budsjett og økonomiplan i juni.Kommunedirektøren legg fram eiga sak om forskrift for unødige utrykkingar - automatiske brannalarmar 1. kvartal 2025Husleige på alle kommunale bustadar vert auka med 5 % frå 1. februar 2025. Husleigeauken skal gjennomførast i samsvar med Husleigelova.Mandat til å vurdere organisering av Sunnfjord kommune:Legg opp til ein prosess med å sjå på kommunen si organisering med mål om å redusere dei samla driftskostnadane med inntil 30 mill. kronerLegg opp til ein prosess med å sjå på effektiv sakshandsaming, spesielt innan sjølvkostområdet, med mål om redusert avgifts- og gebyrnivåArbeidet skal skje i samarbeid med dei tilsette sine organisasjonar og følgje avtaleverket sine reglar for slike tiltak.Føremålet er å ta ned det kommunale driftsnivået slik at det blir balanse mellom inntekter og utgifterArbeidet skal starte så snart som råd Arbeidet skal omfatte heile kommunenKommunedirektøren får fullmakt til å engasjere ekstern bistand til arbeidet. Sentrale dokumentDesse dokumenta blei presentert i møte:Oversikt over innsparings- og omstillingstiltak Kommunestyresak 13. desember 2024Sjå behandling av saka i kommunestyret Trykk på kamera-ikonet og vel projektor for å bytte mellom presentasjonar, salen og talarstolen.Dette skjer vidareKommunedirektøren følg opp vedtaket frå møtet og har fått mandat til å vurdere ny organisering av Sunnfjord kommune.