Status skulane januar 2026

Formannskapet fekk 15. januar ei orientering om status i skuleprosjekta.

Ny ungdomsskule på Hafstad

Kommunestyret har vedteke at ungdomstrinnet ved Halbrend skule blir slått saman med Førde ungdomsskule, til ein ny felles ungdomsskule i bygget til tidlegare Hafstad vgs.

  • Rektor vart avklart i november.
  • Det har vore felles møtepunkt med tilsette på dei to skulane.
  • Etter utsending av anbodsgrunnlag er det kome inn fleire tilbod.
  • Tilboda blir gjennomgått og kvaltetssikra etter dei kriteria som vart lagt til grunn i grunnlaget.
  • Bemanningsplanar blir ferdigstilte 15. januar og blir kvalitetssikra med skulane.
  • Ressurstildeling er ferdigstilt og legg grunnlaget for behov for tilsette ved den nye ungdomsskulen.
  • Det blir foreldremøte i veke 6, med informasjon om framdrift og arbeidet med å ivareta og involvere  elevar og foreldre.
skulebygg - Klikk for stort bilete

 

Halbrend skule 1–7 og SFO

Kommunestyret har vedteke at elevane Flatene skule blir flytta til Halbrend skule, når bygget klargjort for barneskule. Halbrend skule blir då ein skule med elevar frå 1–7 klasse.

  • Rektor vart avklart i november.
  • Det har vore felles møtepunkt med dei tilsette på dei to skulane.
  • Det blir no starta opp ein prosess for å konkretisere uteområde og laga ein plan for etablering.
  • Arbeidet med å oppgradere garderobar for elevane er i prosess.
  • Bemanningsplanar blir ferdigstilt 15. januar og med utgangspunkt i ressurfordelinga blir det laga ein plan for tilsette.
  • Det blir foreldremøte i veke 6, med informasjon om framdrift og arbeidet med å ivareta og involvere  elevar og foreldre.
skulebygg - Klikk for stort bilete

 

Vassenden skule

Kommunestyret har vedteke at Vassenden skule blir samla i eitt skulebygg frå hausten 2026.

  • Det er gjennomført gjennomgang av bygget for å definere behov og finne løysingar på rom og organisering.
  • Det er behov for oppgradering av IKT og det er ønskjeleg med noko maling.
  • Utstyr må flyttast og etablerast.
  • Det er funne gode løysingar med å frigjere kapasitet, ved å nytte rom i hallen til SFO. Det løyser utfordringar som skulen har spelt inn i prosessen.
leikestativ - Klikk for stort bilete

 

Sande skule

Kommunestyret har vedteke ei oppgradering av Sande skule med nybygg og rehabilitering av eksisterande bygg. 

  • Kontrakt er underteikna.
  • Modulskule er klar i Bygstad 12.2.
  • 1.-4. trinn blir flytta til Bygstad skule fram til sommaren.
  • Det blir sett opp skyss tur retur frå Sande til Bygstad.
  • SFO blir på Sande tenestetorg.
  • 5.-7. blir lokalisert på Sande skule (brakke) og tenestetorget
  • Ungdomstrinnet blir på Sande skule.
  • Foreldre, elevar og tilsette har blitt involvert i arbeidet med midlertidig organisering. 
skulebygg - Klikk for stort bilete

 

Vidare arbeid

Kommunalsjef er prosjekteigar

Thomas Synnevåg Øvstedal, blir prosjektleiar for skuletiltaka

Det blir sett ned ei prosjektgruppa, med representantar frå tillitsvalde og verneombod i tillegg til rektorar

Plan for framdrift vil ha fokus på:

  • Kulturbygging
  • Prosessar og involvering med tilsette, foreldre og elevar
  • Oppfølging av elevar
  • Planlegging
  • Informasjon

 

 

Les meir om kvalitet og kapaistet i Sunnfjordskulen 

Kontakt

Profilbilde av Åge Ansgar Stafsnes
Åge Ansgar Stafsnes
Kommunalsjef for skule
Telefon 57 02 12 18
Mobil 91 15 22 11