Det er også ei gruppe som engasjerer seg spesielt for å utvikle ein «kulturakse» i området Storehagen - Førdehuset. Dette vert spelt inn til områdereguelringsplanen.
I tillegg fekk forsamlinga følgande spørsmål som vart svara ut i Teams-kanalen:
1. Kva forventingar har du til sentrumsplanen?
2. Har du innspel til tema som du ønsker å diskutere i gjestebod eller verkstad i Bylab?
Det vart i avsluttande ord frå ordførar oppfordra til å delta aktivt i forbetring av Førde sentrum. Den gode dugnadsånda som vi ser resultat av frå Bymarkas venner bør vere mogeleg å overføre til «Byens venner».
Vi håpar at denne vandrande Bylab’en kan vere ein viktig arena for innbyggarane til å skape draumar og visjonar for Førde si framtid. Det kan også gro fram fellesskap som kan gje grunnlag for auka dugnadsinnsats og gjennomføring av felles mål.