Jakta på stjernene

Vil du vere med å påverke Førde sentrum si utvikling? Jakta på stjernene er eit prosjekt knytt til Førde sin sentrumsplan. Vi vil lage eit sentrum kor du er involvert og får seie di meining. Dette er for at vi saman kan skape eit sentrum alle trivast i og har glede av!

Neste gong du er i sentrum og handlar eller er ute og går ein tur, sving innom ei eller fleire av dei ni stjernene vi har plassert rundt om i sentrumskjerna.

Klarer du å finne alle?

Korleis kan du delta?

Leit deg fram til dei ulike stjernene vi har avbilda under. På staden finner du eit stjerneskilt med ein QR kode. Du scanner den med kamera på mobiltelefonen din, og den tek deg til eit spørjeskjema.  Du kan gå ein tur innom alle stjernene på ein dag, eller ta nokre stjerner i forbifarta. Jakta på stjernene er laga slik at den kan passe for alle aldrar.

Jakta på stjernene vil vere aktivt frå og med 17. september fram til 17. november 

Finn desse ni stjernene og sei di meining

1. Elveparken

Elveparken fot: Tomine Furelid - Klikk for stort bilete

2. Elvetorget

Elvetorget foto: Tomine Furelid - Klikk for stort bilete

3. Nynorsktorget

Nynorsktorget foto Tomine Furelid - Klikk for stort bilete

4. Firda billag

Firda billag Tomine Furelid - Klikk for stort bilete

5. Møteplassen

Møteplassen foto Tomine Furelid - Klikk for stort bilete

6. Festparken

Festparken foto Tomine Furelid - Klikk for stort bilete

7. Landabrygga

Landabrygga foto Tomine Furelid - Klikk for stort bilete

8. Langebrutorget

Langebrutorget foto Tomine Furelid - Klikk for stort bilete

9. Tangen

Tangen foto Tomine Furelid - Klikk for stort bilete

Kart som viser kvar du kan finne stjernene

Kart over Førdestntrum med stjerne stadane avmerka - Klikk for stort bilete

 

God stjernejakt!

Kontakt

Profilbilde av Julie Daling
Julie Daling
Sakshandsamar planavdeling - byplanleggar
E-post
Telefon 57 61 27 21

Jobbar med overordna arealplanlegging, med fokus på by- og tettstadutvikling