Borgen

Astrup omtalte dette bygget som Borgen. Men det vert og kalla hovedbygningen. Bygget husar kafe med kjøkken i kjellaren. Restaurering av Borgen er planlagt å vere ferdig i løpet av 2022. Kafeen vil vere klar til opning våren 2022.

Borgen i Aastruptunet - Klikk for stort bileteBorgen i Astruptunet T-2 Prosjekt AS

Borgen før riving

Kafeen i Borgen - Klikk for stort bilete
Kjøkken i Borgen - Klikk for stort bilete
Utsalg i Borgen - Klikk for stort bilete

Foto frå underetasjen i Borgen før rivinga starta i desember 2020.

Det har vore problem med fuktinnslag frå terrenget bak Borgen, og tette skikt i veggen som ikkje transporterer fukt. Det er sett igang drenering, og kjellaren er tørka ut.

Ny planløysing i kjellar

Kjøkkenet vert flytta, slik at ein får inn meir dagslys. Og ein får meir oversikt over publikum som kjem og går.
Teikningar som viser ny planløysing i kjellaren.

 

Teikningar ny planløysing kjellar - Klikk for stort bileteTeikningar ny planløysing kjellar T-2 Prosjekt AS

Schelderup & Gram arkitekter har ansvar for restaurering og rekonstruksjon av bygningar i Astruptunet.

Rekonstruksjon av trapper og steinsetting

Trapper og steinsetting vert rekonstruert etter funn og eldre bilder. Tilbygget som viser på eldre bilder blei reve på starten av 1950, og erstatta av eit nytt tilbygg som blei soverom for Engel.

Eldre foto av Borgen viser plassen bak huset, med tidlegare tilbygg og nedgang til det som kan ha vore potetkjellar eller vedskjul. Reisverkskledning tyder på det siste. Under dreneringsarbeidet er trappene og stein som låg på plassen delvis funne att.

 

Eldre foto av Borgen - Klikk for stort bilete
Steintrapp ved Borgen - Klikk for stort bilete
Steinsetting ved Bogen - Klikk for stort bilete

Vidare arbeid med Borgen 

Vidare arbeid med Borgen vil omfatte restaurering av tak, vindu og dører.

Det vert og nødvendig å finne ei løysing på avrenning frå terasse-taket på nordsida av bygningen. Manglande renne og nedløp har ført til uheldig utvasking av grunnmuren.

Det er og laga nytt brann-notat for tunet. Alarmanlegget vert oppgradert i alle bygningane.

Restaurerings- og tilbakeføringsprosjekt 2020 - 2024 Borgen (PPTX, 6 MB)