Frisksenter i Naustdal

Samlokalisering av helsetenester i Naustdal sentrum. Prosjektet har vore utreda fleire gonger sidan 2011. I 2019 vart forprosjektet starta opp att.

Etter mange år med vurdering av ulike løysingar vart det i 2021 bestemt at ein skulle nytte kommunehuset og bankbygget i Naustdal som lokale for dei kommunale helsetenestene. Kommunen kjøpte difor bankbygget til formålet.

Det har vore eit godt og konstruktivt samarbeid mellom brukargruppa, arkitekt, rådgjevarar med fleire, og desse kunne våren 2022 legge fram planar som sikrar funksjonelle,  gode og framtidsretta løysingar for tenestetilbodet i desse bygga.

Kommunestyret vedtok i desember 2022 i sak KST 120/22 oppstart av arbeidet med ombygging av kommunehuset og bankbygget i Naustdal til «Frisksenter».  

Kommunehuset

Kommunehuset skal byggast om og leggast til rette for å tilby tenester som

  • servicetorg
  • legesenter
  • helsestasjon
  • psykisk helse og rus
  • aktivitetseining
  • personalkantine mm

Bankbygget

Bankbygget skal byggast om og leggast til rette for å tilby tenester som

  • heimetenesta
  • fysio-/ergoterapi
  • aktivitetseininga med frisklivstilbod

Kommunen har inngått kontrakt med Harald Kapstad AS som totalentreprenør. 

Entreprenøren starta arbeidet med bankbygget 1. mars. Her blir i første omgang taket og fasaden skifta. Det blir og eit nytt tilbygg med heis. Innvendig blir bygget ombygd og tilpassa dei nye funksjonane. Arbeidet med ombygging av bankbygget skal vere ferdig i november 2023. 

Når bankbygget er ferdig vil dei tilsette i kommunehuset mellombels flytte over i bankbygget slik at ein kan ta til på arbeidet med ombygging av kommunehuset. Kommunehuset vil og få ny fasade og nytt tak. Innvendig blir og dette bygget ombygd og tilpassa dei nye funksjonane. 

Uteområde

Det blir gjort mindre tiltak på uteområda som tilpassing til ny bruk med ny parkering og ny asfaltering. I tillegg blir det sett opp ladepunkt ved begge bygga. Det kan og vere aktuelt med garasje eller carport for heimetenesta.

Heile prosjektet skal etter planen vere ferdig i sommaren 2024 og då vil alle tenestene flytte inn i nyoppussa lokale både i bankbygget og kommunehuset. Vi vonar desse tiltaka vil bidra positivt til sentrumsutviklinga i Naustdal.  

Økonomi

Prosjektet fekk oppstartsvedtak inkludert løyving til dette i sak KST-120/22. Prosjektet har eit samla brutto budsjett på kr. 88,4 mill kr.

Tidslinje forprosjekt Frisksenter

Forprosjekt

Ei arbeidsgruppe, med representantar frå administrasjonen, tilsette, brukarrepresentant og tillitsapparatet, har sidan 2020 delteke i utarbeiding av planane og grunnlaget for eit endeleg forprosjekt. Common Ground (konsulent engasjert av Naustdal kommune) har stått for det praktiske arbeidet med utforming av teikningar og anna relevant dokumentasjon som del av forprosjektet.

Forprosjektet vart ferdigstilt i mai 2022.

Tilbodskonkurranse

Som ein del av forprosjektet vart det utarbeidd grunnlag for ein konkurranse om totalentreprise for Frisksenteret. Konkurransen vart lyst ut i juni 2022 med frist for levering av tilbod 12.09.22.

Vedtak om oppstart at byggjearbeidet

Kommunestyret vedtok i desember 2022 i sak KST 120/22 oppstart av arbeidet med ombygging av kommunehuset og bankbygget i Naustdal til «Frisksenter».

Kontrakt om bygging av Frisksenter i Naustdal

Harald Kapstad AS vart etter evaluering tildelt oppdraget i Januar 2023. Det vart vidare inngått kontrakt med Harald Kapstad AS om totalentreprise etter NS 8407, 27.01.23.

Oppstart Bankbygget

Sidan det er aktivitet i kommunehuset var det naturleg å starte arbeidet med bankbygget. Dette arbeidet tok til 01.03.23 og skal etter planen vere ferdig i november 2023.

Oppstart Kommunehuset

Når bankbygget er ferdig vil dei tilsette i kommunehuset mellombels flytte over i bankbygget slik at ein kan ta til på arbeidet med ombygging av kommunehuset.

Ombygginga av kommunehuset vil ta til i november 2023.

Nytt frisksenter er ferdig til bruk

Frisksenteret skal etter planen vere ferdig sommaren 2024 og då vil alle tenestene flytte inn i nyoppussa lokale både i bankbygget og kommunehuset.