Ombruk av byggematerial og inventarDet er mogleg å få til meir ombruk av byggematerial og inventar i vår region. Mellomlager og logistikk er suksessfaktorar. Kommunane og renovasjonsselskapa bør gå føre i dette arbeidet. Dette var nokre av stikkorda på ombrukssamlinga torsdag 7. november i Førde.Rundt 35 deltakarar frå entreprenørar, arkitektar, byggherrar, utdanningsinstitusjonar og det offentlege var samla for å drøfte suksessfaktorar og barrierar.Nokre av tema for kvelden:ombruk av materiale i prosjektet Sande skule dagens situasjon og visjonar for framtida ved Tore Dvergsdal, Sunnfjord Miljøverkdet store sirkulære bilete ved Ineke de Rezende, berekraftleiar Norconsultombrukssentralen i Sogndal og ViteMeir delte erfaringar Neste steg vil bli avgjort etter at Norconsult og Sunnfjord kommune har oppsummert samlinga. Sist endra 11.11.2024 09.22