Sunnfjord kommune

Taksering av eigedomar

Taksering av eigedomar

Klikk for stort bilete  Kommunestyret for Sunnfjord kommune har vedteke å innføre eigedomsskatt på alle faste eigedommar i heile kommunen frå 2021, på grunnlag av ny taksering, nye vedtekter og nye retningslinjer for eigedomsskatt.  

Synfaring

Det vert synfaring på alle eigedommane før omtaksering. Dette er ei utvendig synfaring der det vert vurdert forhold på eller rundt eigedommen som kan ha betydning for taksten.

Vi er ikkje avhengig av at du er tilstades under synfaringa. Dersom du ynskjer å vere tilstades under synfaringa, må du sende oss ei skriftleg tilbakemelding på det innan 6. mai 2020

Hugs å oppgje telefonnummer som vi kan nå deg på, på dagtid. Vi vil kontakte deg for å avtale tidspunkt for synfaringa.

Kontaktinformasjon

  • Sunnfjord kommune, Postboks 338 - 6802 Førde
  • Telefon:57 72 20 00
  • eigedomsskattekontor@sunnfjord.kommune.no

Brosjyre - eigedomsskatt Sunnfjord kommune (PDF, 659 kB)

Om eigedomsskatten

Eigedomsskatt er ein kommunal skatt som vert skrive ut i samsvar med eigedomskattelova, samt vedtekter godkjend av kommunestyret.

Eigedomsskatten, promillesats, terminar, fritak etter eigedomsskattelova § 7 og utskrivingsområde blir vedtatt i kommunestyret kvart år i samband med budsjettbehandlingane.

Frist for omtaksering

Fristen for å kreve omtaksering er i utgangspunktet 1. november i året før skatteåret, men Sunnfjord kommune har sett fristen for innmelding av endringar til 31. desember før skatteåret.

Taksering

Eigedomsskattetaksten vert rekna ut frå faktaopplysningar. Faktaopplysningar om adresse, areal på bygningar og tomter vert henta frå offentleg eigedomsregister. 

Manglar ein arealstørrelsar på bygningar vert det gjort ei utvendig oppmåling ved synfaringa. 

Taksten vert vurdert opp mot lokalisering, alder, slitasje, rennovering og andre spesielle tilhøve som kan påvirke eigedomsverdien.

Dei spesielle forholda fangar vi opp gjennom synfaring av kvar enkelt eigedom.
 

Slik reknar vi ut eigedomsskatten din

Det er kommunestyret som  skriv ut eigedomsskatt og bestemmer promille for skattesatsen. Skatten vert krevd inn i lag med dei andre kommunale avgiftene.

Eigedommen sin verdi dannar grunnlaget for utrekninga av skatten.

Eigedomsskatten er den einaste skatten som kommunen sjølv har styring med, og der skatten i si heilheit går til kommunen. 

Taksten som vert sett skal spegle ein antatt marknadsverdi slik det står i Eigedomsskattelova § 8 A – 2:

«Verdet av eigedomnen skal setjast til det beløp ein må gå ut frå at eigedomen etter si innretning, brukseigenskap og lokalisering kan bli avhenda for under vanlege salstilhøve ved fritt sal.»

I tillegg kan kommunen frita spesielle eigedommar for eigedomsskatt og innføre bunnfrådrag for bueiningar. Dette vil kommunestyret handsame i samband med den årlege budsjettprosessen.