Sunnfjord kommune

Arealoverføring

Arealoverføring

Overføring av areal mellom to eigedomar utan å opprette nytt bruksnummer

Arealoverføring er å overføre areal mellom eigedomar som har felles grense. Arealoverføring blir brukt når arealet som skal overførast er meir enn 5% av den minste eigedomen. Det krev søknad og løyve etter plan- og bygningslova.

Arealoverføring er deling av grunneigedom. Arealoverføring er ei deling av grunneigedom, der deling, overskøyting, og samanslåing skjer i same sak. Det vert ikkje oppretta eit nytt bruksnummer på arealet slik som ved vanleg deling Dersom du får godkjent søknad blir saka sendt til oppmåling for vidare gjennomføring.
 

Kven kan søke?

Det er eigarane (heimelshavar) av eigedomen som kan søke om arealoverføring. Det er same vilkår som for deling av grunneigedom. Dersom du signerer søknad på vegne av eigar, må du legge ved fullmakt (link til fullmakt kartverket).
 

Kontakt

Trond Hegrestad
Sakshandsamar delingssak
E-post
Telefon 57 71 85 23

Jobbar med deling av grunneigedom etter plan- og bygningslova på eininga areal og byggesak