ArealoverføringOverføring av areal mellom to eigedomar utan å opprette nytt bruksnummerArealoverføring er å overføre areal mellom eigedomar som har felles grense. Arealoverføring blir brukt når arealet som skal overførast er meir enn 5% av den minste eigedomen. Det krev søknad og løyve etter plan- og bygningslova.Arealoverføring er deling av grunneigedom. Arealoverføring er ei deling av grunneigedom, der deling, overskøyting, og samanslåing skjer i same sak. Det vert ikkje oppretta eit nytt bruksnummer på arealet slik som ved vanleg deling Dersom du får godkjent søknad blir saka sendt til oppmåling for vidare gjennomføring. Kven kan søke?Det er eigarane (heimelshavar) av eigedomen som kan søke om arealoverføring. Det er same vilkår som for deling av grunneigedom. Dersom du signerer søknad på vegne av eigar, må du legge ved fullmakt (link til fullmakt kartverket). Vilkår Før ei godkjent arealoverføring kan bli gjennomført må du rydde opp i eventuelle pengeheftelsar og urådigheiter som råkar eigedomen som skal avgi areal. Når alt er ordna vil landmålaren innkalle partane til oppmålingsforretning på staden. Erklæring om arealoverføring Dersom det er forskjellig eigar på kvar side av grensa må skjemaet "Erklæring om arealoverføring" (link) bli fylt ut. Skjemaet fungera som ei skøyte og sikrar at arealet blir overført frå den tidlegare til den nye eigaren. Tinglysinga reknar 2,5 % av marknadsverdien. Vilkår Arealoverføring er ei deling av grunneigedom, der deling, overskøyting, og samanslåing skjer i same sak. Det vert ikkje oppretta eit nytt bruksnummer på arealet slik som ved vanleg deling. Kriteriane for gjennomføring er avhengig av eigarforholda på dei aktuelle eigedomane som er involvert. Det må ligge føre tinglyst erklæring om pantefråfall frå innehavar av registrerte pengeheftelsar. Det må ligge føre erklæring om samtykke frå innehavar av registrerte urådigheiter. Kommunen gjennomfører ikkje saka før alle pengeheftelsar er ordna. Dersom involverte eigedomar har forskjellig eigar må skjema "Erklæring om arealoverføring" bli fylt ut. Alle registrerte eigarar og festarar på eigedomen som skal avgi areal må samtykke til arealoverføringa. Det kan kun vere to involverte eigedomar i arealoverføringa. Vilkåra for arealoverføring går fram av Matrikkelforskrifta § 33. Slik søker du Undersøk gjeldande plan førstSjekk om føremålet med delinga er i samsvar med gjeldande arealplan. Det kan vere reguleringsplan eller kommuneplanens arealdel. Kva plan som gjeld for din eigedom finn du Kva plan som gjeld for din eigedom finn du herFyll ut søknadsskjema: Søknad om løyve til tiltak utan ansvarsrett. Det må vere signert av alle eigarane som er involvert. Teikn inn forslag til ny eigedomsgrense på eit kart (for eksempel på kommunekart.com). Kartet skal du legge ved søknaden. Du må gjere greie for kor stort areal søknaden gjeld. Før du sender søknad til kommunen må du nabovarsle dei naboar som har felles grensepunkt med det arealet du ynskjer å overføre. Sjå korleis du nabovarslar Her kan du sjå korleis du nabovarslarDu må legge ved skjemaet: Erklæring om arealoverføring Skjema for søknad Du må teikne inn det arealet du vil arealoverføre på eit kart. Bruk gjerne Kommunekart med påførte eigedomsgrenser. For søknad treng vi følgjande blankettar: Søknad om løyve til tiltak utan ansvarsrett Nabovarsel Kvittering for nabovarsel Opplysningar gjeve i nabovarsel Erklæring om arealoverføring Aktuelle søknadsblankettar finn du her Rekvisisjon av oppmålingsforretning, krav om matrikulering Som trinn to av oppretting/endring av grunneigedom må det haldast oppmålingsforretning der nye eigedomsgrenser vert fastlagt og oppretta formelt i matrikkelen. Det må sendast inn krav om matrikulering og rekvisisjon av oppmålingsforretning, før slik oppmåling kan haldast. Kravet kan sendast samstundes med søknad om deling, eller etter at det er gjeve løyve til deling. Det må leggast ved saksreferanse til løyve til deling/oppretting eller endring av eigedom. Det vert teke oppmålingsgebyr for dette arbeidet, jamfør forskrift om gebyr for dette arbeidet og prislista. Dersom det ikkje er sendt inn krav om matrikulering og rekvirert oppmålingsforretning innan 3 år etter delingsløyvet, fell løyvet til deling bort. Vilkår i løyvet må du sørge for vert oppfylt innan denne fristen. Du må og sørge for at det ikkje føreligg forhold som hindrar matrikulering (oppretting/endring og tinglysing av eigedom) innan same 3-årsfrist. Når delingsløyve er gjeve Dersom du ikkje har sendt inn krav om matrikulering og rekvirert oppmålingsforretning, må du sende inn slikt krav innan 3 år frå delingsløyve er gjeve, elles fell løyvet vekk. Vi har lagt informasjon om slik søknad under "rekvisjon av oppmålingsforretning, krav om matrikulering", jf. felt ovanfor. Når delingsløyve er gjeve, vert saka overlevert kommunen si oppmålingsavdeling for gjennomføring av delingsaka etter matrikkellova § 6. Nokre gongar kan det vere stilt vilkår i løyvet som søkaren må dokumentere oppfylt før delinga/endring av eigedom kan gjennomførast. Når alle vilkår for deling er oppfylt, held kommunen oppmålingsforretning. Du som er søkar og dei som er eigarar av tilstøytande eigedomar får skriftleg varsel om lag 14 dagar før oppmålinga. Vanlegvis vert oppmålingsforretninga halde ute på den aktuelle eigedomen. Her vert eksisterande grenser avklart og nye godkjente delelinjer påvist og merka. Du og andre partar må ta med dokumentasjon som kan underbygge påstandane dykkar om eksisterande eigedomsgrenser. Kommunen registrerer etter slik oppmåling den nye eigedomen (inkludert eigedomsgrensene) i matrikkelen og sender den nye eigedomen/endringa til Kartverket for tinglysing. Eventuell erklæring om rett til veg-, vatn- og avløpsanlegg i fast eigedom for den nyoppretta/endra eigedomen, vert samstundes også sendt til tinglysing. Etter tinglysinga skriv oppmålingsavdelinga ut matrikkelbrev og sender dette til deg som eigar. Matrikkelbrevet er ei fullstendig skildring av eigedomen med koordinatfesta grenser. Det er viktig at du kontrollerer at dei retter og plikter som skal følge med i samband med oppretting eller endring av eigedom, er eller vert tinglyste. De må også sjølve syte for eventuell heimelsovergang til ny eigar. Pris Søknad om arealoverføring blir fakturert etter prislista for Sunnfjord kommune. Det vert fakturert for vedtak om deling, og oppmålingsforretning.Sjå prislista Har du spørsmål om arealoverføring? Dersom du har spørsmål til arealoverføring ta kontakt med Trond Hegrestad på eininga for areal- og byggesak. Telefon: 57 71 85 23 E-post: Send e-post Sist endra 08.01.2025 09.54