Val av meddommarar – Offentleg høyring av kandidatar

Listene med foreslåtte meddommarar og skjønnsmedlemmer ligg ute til offentleg ettersyn i perioden 28. mai til 11. juni 2024. 

Kommunestyret skal velje meddommarar til Gulating lagmannsrett, Sogn og Fjordane tingrett og Sogn og Fjordane jordskifterett for ny periode frå 01.01.2025 til 31.12.2028. I tillegg skal kommunestyret foreslå skjønnsmedlemmer som blir endeleg valde av fylkestinget. 

Formannskapet tilrådde kandidatar som meddommarar og skjønnsmedlemmer i møte 24. mai. Forslaget er basert på: 

  • Meddommarar i inneverande periode som ikkje har meldt frå om at dei ikkje ønsker attval. 
  • Innbyggarar som har meldt seg som kandidat eller blitt meldt inn av andre. 
  • Kriterium om valbarheit i domstollova §§ 70–72. 
  • Krav om allsidig samansetting i domstollova § 67. 

Sjå foreslåtte meddommarar og skjønnsmedlemmer 

Det er gjort vandelskontroll av kandidatane, og sjekk mot folkeregisteret.

Har du merknader eller innvendingar? 

Kandidatane ligg ute til offentleg ettersyn frå 28. mai til 11. juni 2024.  

Dei som har innvendingar mot forslaget blir oppmoda om å melde det inn til kommunen innan 11. juni 2024.  Denne fristen gjeld òg for foreslåtte kandidatar for å be om fritak.  

Du kan sende innvendingar til kommunen sitt politiske sekretariat, politikk@sunnfjord.kommune.no.