Høyring om kvalitet og kapasitet i Sunnfjordbarnehagen

Kor mange barnehagar bør vi ha i Sunnfjord, og kvar bør dei ligge? Høyringsperioden er frå 1. desember 2024 til 20. januar 2025.

Kort om planen

I sak 020/24 Tenesteanalyse  - nivå på innsparing og omstilling i kommunestyre blei det vedteke ei samla innsparing innanfor ei ramme på 121 millionar kroner og omstilling innanfor ei ramme på 84 millionar kroner i perioden 2024-2032. 

Sunnfjordbarnehagen skal samla legge fram tiltak for innsparing og omstilling på 62,8 millionar kroner.
Det er utarbeida kunnskapsgrunnlag for kvalitet og kapasitet i Sunnfjordbarnehagen i løpet av 2024. For Sunnfjordbarnehagen blei kunnskapsgrunnlaget behandla i kommunestyret 26.09.2024.

Her finn du vedtaket som blei gjort i kommunestyret:

Kvalitet og kapasitet i Sunnfjordbarnehagen

Frå kunnskapsgrunnlaget for kvalitet og kapasitet i Sunnfjordbarnehagen blei vedteke har barnehagesektoren utarbeida til saman 9 tiltak for å nå kravet om innsparing og omstilling. I formannskap 24.10.2024 i sak 197/24 Prinsipp for vurdering av struktur i Sunnfjordbarnehagen blei det vedteke prinsipp, som ligg til grunn, for tiltaka som er utarbeida. I sak 213/24 Kvalitet og kapasitet i Sunnfjordbarnehagen – offentleg ettersyn vedtok formannskapet at følgande tiltak blir lagt ut på høyring:

  • Tiltak 1 Ressursmodell
  • Tiltak 2 Kontinuerleg barnehageopptak
  • Tiltak 3 Legge ned Tusenfryd barnehage
  • Tiltak 4 Legge ned fleire barnehagar i Førde sentrum
  • Tiltak 5 Utvide eksisterande barnehagar for å auke kapasiteten
  •  Tiltak 6 Barnehage på Flatene – bruke Flatene skule som barnehagebygg
  • Tiltak 7 Ny barnehage på Slåtten
  • Tiltak 8 Legge ned 2 barnehagar i Førde sentrum hausten 2025
  • Tiltak 9 Legge ned Holsen barnehage


Viktige dokument i saka:

Sei di meining innan 20. januar

Kommunen inviterer innbyggarar og andre aktørar til å seie si meining om tiltaka. Fristen for å sende inn innspel er 20. januar 2025.


Du får ikkje svar på innspelet ditt, men alle innspel blir lagt ved i den vidare saksbehandlinga. Innspel som blir sendt inn blir offentleg tilgjengelege på nettsida, med mindre dei inneheld sensitive data. Brukar du e-post, vil e-postadressa di bli offentleg tilgjengeleg.

Slik sender du innspel

Du kan sende innspel elektronisk i skjema eller du kan også sende innspel i post eller på e-post, då må du merke sakene med saksnummer: 24/14039 – Kvalitet og kapasitet i Sunnfjordbarnehagen.

Elekrtonisk skjema

•    Sunnfjord kommune, Postboks 338, 6802 Førde
•    postmottak@sunnfjord.kommune.no 
 

Har du spørsmål?

Du kan ringe eller sende e-post til Kristine Steindal eller Lise Fitje Toverud om det er noko du lurer på.
Kristine Steindal:

Lise Fitje Toverud:

Sjå innkomne innspel og dokumentasjon i sakene

Her finn du alle dokument som er arkivert i denne saka. Du finn også innspela som er sendt inn.