Kommuneplanen sin arealdel 2024-2035 for Sunnfjord er vedtekenKommuneplanen sin arealdel 2024-2035 vart vedteken av Kommunestyret i Sunnfjord kommune 20.06.2024Endringane som vart vedtekne i kommunestyret kjem fram av sak 060/24 i møteoversikta her. Når kommuneplanen sin arealdel 2024–2035 no er vedteken i kommunestyret, vert samstundes følgjande kommunedelplanar (KDP) oppheva og erstatta av den nye overordna arealdelen: KDP Naustdal sentrum 2011 – 2023 KDP for Vona (2001)KDP Vevring 2016 - 2028KDP Viksdalen (2001)KDP Sande 2008 - 2020KDP Bygstad (2001) KDP Langeland - Bringeland (2001)KDP Forretning – Industri i Gaular (2012)Kort om planenKommuneplanen sin arealdel 2024-2035 er den første arealdelen for Sunnfjord kommune etter kommunesamanslåinga i 2020. Planen vil erstatte arealdelen til dei fire gamle kommunane Førde, Gaular, Jølster og Naustdal.Vedteken kommuneplan med oppdaterte plandokument er tilgjengeleg for nedlasting på arealplaner.no. Kart, føresegner og normer (for parkering, uteopphaldsareal, skilt og reklame, kommunale vegar, kommunaltekniske VA-anlegg) er viktige styringsdokument for arealforvaltninga i Sunnfjord kommune. Planomtalen vil fungere som eit rettleiingsdokument som forklarer plan og prosess. Andre vedlegg er forklarande i høve ulike omsynssoner i planen, i høve føreseieleg vedtak for utbyggingsavtalar og volumstudie for Førde sentrum. Digitalt arealplankart er tilgjengeleg på kommunekart.com, der det også er høve til å slå av og på ulike lag (omsynssoner, faresoner, byggegrenser mm). Meir informasjon om kommuneplanen sin arealdel er å finne på Sunnfjord kommune si heimeside sunnfjord.kommune.noDet kan i samsvar med PBL § 11-15 ikkje klagast på planvedtaket som gjeld kommuneplanen sin arealdel. Sist endra 27.06.2024 13.53