Høyring årsbudsjett, økonomi og handlingsplan 2026–2029

Årsbudsjett, økonomi- og handlingsplan 2026–2029 og kommunale gebyr for 2026 er lagt ut til offentleg ettersyn. Frist for å sende innspel: 14. desember 2025.

Kort om årsbudsjett, økonomi- og handlingsplan 2026–2029

Formannskapet vedtok i møte 27. november å legge forslag til Årsbudsjett, økonomi- og handlingsplan 2026–2027 og gebyrsatsar for 2026 ut til offentleg ettersyn. 

Sunnfjord kommune står framfor store økonomiske utfordringar. I arbeidet med budsjett og handlingsprogram og økonomiplan for dei komande åra, er det særleg 2026 som peikar seg ut som eit avgjerande år. Kommunen må gjennomføre vesentlege innsparingar for å sikre økonomisk balanse og langsiktig berekraft.

Sjå viktige dokument i saka

Sunnfjord kommunestyre skal behandle saka i møte 18. desember 2025. 

Gebyr behandla i formannskapet 27. november

Sei di meining innan 14. desember

Kommunen inviterer innbyggarar og andre aktørar til å seie si meining om planen. Fristen for å sende inn innspel er 14. desember.

Du får ikkje svar på innspelet ditt, men alle innspel blir lagt ved i den vidare saksbehandlinga. Innspel som blir sendt inn blir offentleg tilgjengelige på nettsida, med mindre dei inneheld sensitive data. Brukar du e-post, vil e-postadressa di bli offentlig tilgjengelig.

Slik sender du innspel

Du kan sende innspel i elektronisk i skjema:

Send innspel til sak 25/5282

Du kan også sende innspel i post eller på e-post, då må du merke saka med saksnummer: 25/5282

 

Sjå innkomne innspel og dokument i saka

Kontakt

Profilbilde av Lise Mari Haugen
Lise Mari Haugen
Assisterande kommunedirektør
Telefon 57 61 27 04
Mobil 93 42 24 61