Årsbudsjett, økonomi- og handlingsplan 2026–2029

6. november starta den politiske behandlinga av årsbudsjett, økonomi- og handlingsplan med budsjettkonferanse. Formannskapsmedlemar, utvalsleiarar, gruppeleiarar, hovudtillitsvalde, leiar i råda, kommunedirektøren si leiargruppe, økonomirådgjevarar deltok i arbeidet.

Kva er årsbudsjett og økonomi- og handlingsplan

  • Årsbudsjett og økonomi- og handlingsplan er det viktigaste styringsverktøyet for kommunen. Det gir oversikt over kva kommunen planlegg å bruke pengar på, og kva mål og tiltak som skal prioriterast i åra framover. 

    Budsjettet til kommunen er delt i to; drift og investering. Gjennom driftsbudsjettet sørger kommunen for å levere tenester til innbyggjarane kvar dag. I investeringsbudsjettet gjer kommunen større kjøp med mål om å utvikle og bygge opp kommunen for framtida.

    Sjå presentasjon til kommunestyret 30. oktober

Kommunedirektøren sitt forslag 

Sunnfjord kommune står framfor store økonomiske utfordringar. I arbeidet med budsjett og handlingsprogram og økonomiplan for dei komande åra, er det særleg 2026 som peikar seg ut som eit avgjerande år. 

Forslag til årsbudsjett, økonomi og handlingsplan

Driftsbudsjett

Kommunen må gjennomføre vesentlege innsparingar og omstillingar for å sikre økonomisk balanse og langsiktig berekraft.  Vi er inne i ei tid der vi må prioritere knallhardt, tenkje nytt og arbeide effektivt. Det handlar ikkje berre om å kutte kostnader, men om å finne løysingar som gjer at vi kan levere gode tenester til innbyggjarane – innanfor dei økonomiske rammene vi har.  

  • Driftsnivået er for høgt ➔ behov for innsparing på 121 mill. kroner
  • Demografiske endringar med færre barn og fleire eldre ➔ behov for omstilling (redusere budsjett på barnehage og skule og auke budsjett i helse/omsorg) på 78 mill. kroner 
  • Meirforbruk og nye behov ➔ behov for saldering på 74,8 mill. kroner 

Investeringsbudsjett 

Nivået på investeringar er tatt ned til eit absolutt minimum. Den er derfor redusert samanlikna med revidert økonomiplan 2025–2028 i juni 2025.

Kommunen har ikkje eigenkapital frå drift til finansiering av investeringar. 

Økonomiplanen legg difor til grunn eit investeringsnivå der låneopptak samsvarer med det vi årleg betalar i avdrag slik at rente- og avdragskostnaden i drifta ikkje vil auke.

Nokre utfordringar i investeringsbudsjettet

  • Førdepakken – forplikta til å fullfinansiere kommunal del. Tidsforskyving av kommunale tiltak i pakken gjer til at vi får prisstigning på kommunal del.
  • Sande skule – behov for å auke budsjettramme frå 189 til 199 mill. kroner etter siste oppdaterte kalkyle.
  • Kommunal del i Astruptunet utgjer 18 mill. kroner (same som vi har søkt fylkeskommunen om). Tiltaket låg inne frå før men med lågare kommunal andel. 
  • Nytt omsorgssenter i Førde vil krevje prioritet i åra framover.

Behandling og høyring

  • ➔ 30. oktober: informasjon til kommunestyre  
    ➔ 6. november: budsjettkonferanse for formannskap, leiarar råd og utval
    ➔ 11.-13. november: råd, utval og formannskap – info og diskusjon 
    ➔ 27. november: diskusjon eventuelt utlegging for høyring
    ➔ 4. desember: siste frist for utlegging av formannskap 
    ➔ 9.-11. desember: uttale frå råd, utval og formannskap si innstilling
    ➔ 18. desember: vedtak i kommunestyre 

 Statsbudsjett

Frie inntekter i statsbudsjettet utgjer 1,9 mrd. kroner i 2026. Det er ein auke på 77,5 mill. kroner (4,2 %) frå 2025. Veksten i frie inntekter finansierer pris-, løns- og deflatorvekst. I tillegg finansierer den meirkostnad demografi. Handlingsrom til nye tiltak utgjer 5,5 mill. kroner.

Kontakt

Profilbilde av Terje Heggheim
Terje Heggheim
Kommunedirektør
Telefon 91 10 12 66
Profilbilde av Lise Mari Haugen
Lise Mari Haugen
Assisterande kommunedirektør
Telefon 57 61 27 04
Mobil 93 42 24 61