Kort om planen
Føremålet med planen:
Planframlegget legg til rette for bygging av ei gate med sykkelveg og fortau frå rundkøyringa på Hafstad og til Angedalsvegen. Dette inkluderer bru over Jølstra. Planen er utarbeidd i to alternative løysingar; eit med T-kryss (alt. 10) og eit med rundkøyring (alt 13).
Dette er ein del av Førdepakken (tiltak 1). Strekninga er eit viktig ledd for å bygge eit nettverk av gater/veger som kan gi betre framkomst og flyt i trafikken for alle trafikantar. Det gjeld både dei køyrande og dei som syklar/går.
Planområdet:
Planområdet er frå rundkøyring på E39 på Hafstad, forbi Hafstadparken og i bru over Jølstra. Fv. 601 Angedalsvegen frå Vaskarvollen og til kryss med vegen Prestebøen.
Planforslaget viser gateløysinga og sideterreng som er nødvendig for å realiserer utbygginga. I tillegg er heile parkeringsplassen til Førdehuset teke med for den må hevast for tilpassing til gateanlegget og som eit flaumførebyggande tiltak.
Normalprofil for Hafstadreina og det meste av Angedalsvegen.Det er no to alternative løysingar for bru over Jølstra som vert lagt ut på høyring. Dei tilfredsstillar begge kravet om at skulpturen Laksen og kunstgrasbana ved Førdehuset skal ivaretakast og ikkje øydeleggast. Alternativ 10 har T-kryss løysing med Angedalsvegen, mens i alternativ 13 er det rundkøyring. Trykk på illustrasjonen for å få den større.
Illustrasjon alternativ 13 Illustrasjon alternativ 10 Det er utarbeidd ein detaljreguleringsplan (DR) for Førdehuset og desse to planane må sjåast i ein samanheng slik at det blir ei god og heilskapleg løysing for området.
Der ny reguleringsplan overlappar eksisterande planar, vil dei eksterande bli oppheva for desse areala. Delvis oppheving av planene er ein del av offentleg ettersyn og høyring. Dei planene det gjeld er desse:
- 143220150013 –Leirdalen gnr. 61, bnr. 8 m.fl.
- 143220150030 – E39 Hafstadflata
- 143220070007 – Hafstad bydel
- 143220150005 – Hafstadreina bensinstassjon
- 143220030008 – Hafstadflata, -del av gbrn. 61/8
- 143220150021 – E39 Fjellvegen –Hafstadvegen
- 143220100002 – Hafstadparken
- 143219910115 – Fest - Utstillingsplassen
- 464720200003 – Detaljreguleringsplan for Angedalsvegen 6 mfl.
- 143220050002 – Lindbøen
Sjå viktige dokument i saka
Planframlegget inneheld planomtale, reguleringsføresegner, plankart, risiko- og sårbarheits-analyse, m.m. Plankart og føresegner vil vere juridisk bindande, medan andre dokument er av opplysande.
Sjå formannskapsak 072/24 02.05.2024
Sei di meining innan 12. juli 2024
Kommunen inviterer innbyggarar og andre aktørar til å seie si meining om planen. Fristen for å sende inn innspel er 12. juli 2024.
Du får ikkje svar på innspelet ditt, men alle innspel blir lagt ved i den vidare saksbehandlinga. Innspel som blir sendt inn blir offentleg tilgjengelege på nettsida, med mindre dei inneheld sensitive data. Brukar du e-post, vil e-postadressa di bli offentleg tilgjengeleg.
Møt planleggarane
27. mai vert det høve til å treffe planleggarane frå Førdepakken og Sunnfjord kommune i Førdehuset i kafeområdet frå kl. 14 -18. Du er velkomne til å kome for å stille spørsmål og prate kring denne planen og Førdehusplanen.
Slik sender du innspel
Du kan sende innspel i elektronisk i skjema:
Send innspel til 20/1085
Du kan også sende innspel i post eller på e-post, då må du merke saka med saksnummer: 20/1085
Har du spørsmål?
Du kan ringe eller sende e-post til Vigdis Lobenz om det er noko du lurer på.
Lovverk