Kort om planen
Planområde ligg på Hafstadflata i Førde, og gjeld heilt eller delvis gbnr. 61/470, 61/485, 61/471, 61/470, 61/378, og 61/139. Planområdet er samla på om lag 26 dekar. Planen regulerer område for brannstasjonen, område for omsorgsbustadar, samt uteareal for framtidige Førde ungdomsskule.
Formannskapet vedtok å sende planen til høyring og offentleg ettersyn i møte 27.06.2024.
Planframlegget legg til rette for etablering av ein ny brannstasjon i Førde. Det vert også lagt til rette for eit område med omsorgsbustad, og satt av uteareal til framtidige Førde ungdomsskule.
Vedtak av ny reguleringsplan vil erstatte delar av gjeldande reguleringsplanar:
- E39 Fjellvegen – Hafstadvegen, PlanID 143220150021
- Førde Yrkesskule, PlanID 143219840209
- Hafstad bydel, PlanID 143220070007
- Hafstad, del av gbnr.61/8, PlanID 143220190001
Sjå viktige dokument i saka
Sei di meining innan 1. september
Kommunen inviterer innbyggarar og andre aktørar til å seie si meining om planen. Fristen for å sende inn innspel er 1. september 2024
Du får ikkje svar på innspelet ditt, men alle innspel blir lagt ved i den vidare saksbehandlinga. Innspel som blir sendt inn blir offentleg tilgjengelege på nettsida, med mindre dei inneheld sensitive data. Brukar du e-post, vil e-postadressa di bli offentleg tilgjengeleg.
Slik sender du innspel
Du kan sende innspel i elektronisk i skjema:
Send innspel til 22/10873
Du kan også sende innspel i post eller på e-post, då må du merke saka med saksnummer: 22/10873
Har du spørsmål?
Du kan ringe eller sende e-post til Anniken Heggedal om det er noko du lurer på.
Lovverk
Sjå innkomne innspel og dokument i saka
Her finn du alle dokument som er arkivert i denne saka. Du finn også innspela som er sendt inn.