Detaljregulering Bruland aust – varsel om utvida planområde Norconsult AS varslar utviding av planområdet til detaljreguleringsplan for Bruland aust i Førde, Sunnfjord kommune. Plangrensa er utvida i sør og mot vest ved E39. Oppstart av planarbeidet vart varsla 09.06.2023. Området ligg ca. 3,5 km aust for Førde sentrum langs E39, og utviding av tidlegare planområdet gjeld gnr./bnr. 60/66 og delar av gnr./bnr. 60/7, 15, 35, 227, 235 og 246.Detaljreguleringsplan Bruland aust Norconsult AS Om planenPlanen skal legge til rette for deponering av steinmassar frå bygging av E39 Storehaugen – Førde, og seinare utbygging av næringsområde med plass til Firda Billag sin arealkrevjande verksemd, og eventuelt andre liknande verksemder. Det skal regulerast inn direkte tilkomst til E39 sør i planområdet. Vegsystemet på Firda Billag sitt område skal vise mogleg løysing for veg vidare i nordvest mot Førde Sementvare og andre, slik at dei kan knyte seg til vegen når det er aktuelt og relevant for dei.Utviding av planområdet:Planarbeidet har vist at det er behov for å inkludere areal til ein gang under E39 for mjuke trafikkantar. Målet med utvidinga er m.a. å gje trafikksikker kryssing av E39 i området. Planområdet vert derfor utvida i sørvest.Planen vil erstatte heilt eller delar av følgjande planar:Reguleringsplan Bruland II Gangveg frå 1998, palnid 4647_143219970014Reguleringsplan Bruland sandtak frå 2004, planid 4647_143220020011Detaljreguleringsplan Dyrshaugen næringsområde frå 2018, planid 4647_143220160001Planprogram og konsekvensutgreiingPlanarbeidet er vurdert til å verte fanga opp av verkeområdet til forskrifta om konsekvensutgreiingar i høve naturmangfald. Utviding av planområdet vil ikkje endre på verkeområdet til forskrifta.Sjå viktige dokument i sakavarsel om utviding av planområde (PDF, 809 kB)Varsel om oppstart av planarbeid Detaljreguleringsplan Bruland austreferat frå oppstartsmøte – Detaljregulering gbnr 60/23 og 44 BrulandReferat frå møte den 16.05.2023 - gbnr 60/23 og 44 Bruland Detaljregulering Firda Billag Bruland gbnr 60/44 og del av gbnr 60/23Sei di meining innan 9. augustDersom du har opplysningar, synspunkt eller merknader som kan ha verknad eller interesse for planarbeidet, bør du sende det inn. Dette kan vere med på å justere planen. Fristen for å sende inn innspel er 9. august.Slik sender du innspel eller spørsmålSend innspel eller spørsmål til Norconsult AS v/ Arne KringlenTelefon: 95 11 78 75E-post: arne.kringlen@norconsult.comAdresse: Norconsult AS, Pb. 514, 6803 FørdeLovverkPlan- og bygningslova §§ 12-1, 12-3 og 12-8Forskrift om konsekvensutredninger Sist endra 27.06.2024 15.05