Faktura for kommunale gebyr

Du får faktura fire gonger i året som gjeld kommunale gebyr. Vi får ofte spørsmål om utrekningane og prøver her å svare på nokre av dei vanlegaste spørsmåla. 

Om kommunale gebyr i Sunnfjord kommune

  • Du får tilsendt faktura fire gongar i året, med forfall 15. mars,  15. mai,  15. august og 15. november. 
  • Alle gebyr er fordelt likt utover terminane, slik at du får same beløpet på kvar faktura.
  • Dersom du har vassmålar, vil du no bli fakturert akonto. Dette betyr at du betalar eit berekna gebyr kvar termin, basert på tidlegare forbruk. I desember les du av målaren, og på første faktura året etter får du eit oppgjer. 

Ønskjer du avtale om fleksibel fakturering på kommunale gebyr

Vil du som innbyggar motta faktura for kommunale gebyr kvar månad, kan du kontakte Sunnfjord kommune, dette kan du gjere gjennom heile året.

Eigedomsskatt for 1. termin blir fakturert med forfall i mars, uansett om ein vel faktura med 12 terminar. Dei som vil ha 4 fakturaer i året  slik som før, treng ikkje ta kontakt.

No blir det lettare å få innsyn i dine fakturaer

Du kan no logge deg inn via Mi side og få innsyn i dine fakturarer. Du kan også be om betalingsutsetting digitalt. 

Kommunen sender ut faktura via

  • Avtalegiro: Du må opprette ein avtale i nettbanken/banken om avtalegiro
  • eFaktura: Har du sagt "ja-takk" til å få alle fakturaene elektronisk vil du få fakturaen elektronisk.
  • Vipps: Har du slått på at du vil ha fakturane dine i Vipps vil fakturaen frå Sunnfjord kommune òg kome her.
  • Digipost: Dersom du ikkje har avtale om eFaktura eller Avtalegiro med Sunnfjord kommune, kan du motta faktura i digital postkasse som Digipost eller eBoks. 
  • Faktura i postkasse: Dersom du ikkje har registrert Avtalegiro, eFaktura eller digital postkasse med Sunnfjord kommune, vil du få fakturaen i postkassen. 

Ofte stilte spørsmål

Alle betalingssatsar, avgifter og gebyr i Sunnfjord kommune

Kvart år bestemmer kommunestyret prisane for kommunale tenester. Vi samlar dette i ei fullstendig prisliste. Lista er vanlegvis ikkje klar før i januar. 

Om eigedomsskatten

Har du spørsmål om kommunale gebyr?

Send e-post til: avgiftsomrade@sunnfjord.kommune.no 
eller ring tenestetorga på telefon 57 72 20 00

Kontakt

Tenestetorga er her for å hjelpe deg
Telefon 57 72 20 00

Send sikker post og brev elektronisk via eDialog

Send e-post til postmottak@sunnfjord.kommune.no