Gebyr vatn og avløp

Sunnfjord kommune har vedteke nye forskrifter og gebyr for mellom anna kommunal vassforsyning, kloakkreinsing og feiing. For slamtøming og renovasjon gjeld framleis gebyrregulativet for Sunnfjord Miljøverk IKS.

Prisliste for Sunnfjord kommune

Nye vass- og avløpsgebyr i Sunnfjord kommune

Bustadeigedommar

Bustadeigedom og fritidsbustader skal betale abonnementsgebyr som ein fast sats per bueining. Bueining er minst eitt rom og eigen inngang, og det må vere tilgang til vatn og toalett utan å gå gjennom anna brukseining.

Næringseigedomar

Alle næringseigedomar skal betale vatn- og avløpsgebyr etter målt forbruk, og må difor installere vassmålar. Dette gjeld også kombinasjonseigedomar som inneheld både bueiningar og næring. Eigaren må sjølv ta kontakt med røyrleggar, og dekke kostnadene med innkjøp og installasjon.

Bustader og fritidsbustader

Det er ikkje eit generelt krav om vassmålar for bustader eller fritidsbustader. Folk som har eit lågt vassforbruk, til dømes einslege eller små husstander, vil som regel få lågare årsgebyr ved å installere vassmålar.

Spesielt om landbrukseigedomar

For landbrukseigedomar gjeld gebyrreglane for næring. Dette gjeld uavhengig av om bruket er i drift eller ikkje, og gjeld så lenge eigedomen er registrert med landbruksbygningar i matrikkelen. Eit fråflytta bruk kan få fritak dersom eigedomen blir fysisk kopla frå kommunal hovudleidning. Det er til dømes ikkje nok at berre fjøsen blir fråkopla.

Vassmålaren skal måle det samla vassforbruket for eigedomen. Eit bruk som ikkje lengre er i drift, og der til dømes berre våningshuset er i bruk, vil som regel betale mindre i årsgebyr ved å installere vassmålar. Store mjølkebruk eller fellesfjøs vil som regel måtte betale meir for målt forbruk enn stipulert, men dette gjeld for alle næringseigedomar med stort vassforbruk. Eit stort forbruk medfører stor belastning på det kommunale nettet, og dette er gjenspegla i storleiken på abonnementsgebyret og forbruksgebyret.

Ønskjer du avtale om fleksibel fakturering

Vil du som innbyggar motta faktura for kommunale gebyr kvar månad, kan du kontakte Sunnfjord kommune, dette kan du gjere gjennom heile året.

Skriv e-post til: avgiftsomrade@sunnfjord.kommune.no 

Eller ta kontakt med kommunen på telefon 57 72 20 00  

Kva opplysningar treng vi? Namn og Gards- og bruksnummer.

Eigedomsskatt for 1. termin blir fakturert med forfall i mars, uansett om ein vel faktura med 12 terminar. Dei som vil ha 4 fakturaer i året  slik som før, treng ikkje ta kontakt.

Søknad om tilkopling for vatn og avlaup, og melding om vassmålar

Skal du sette opp eit bygg som krev tilkopling til vatn og avlaup, og/eller installere vassmålar, må du sende søknad til kommunen om godkjenning.  Du må ta kontakt med eit godkjent firma/røyrleggar, som på vegne av deg kan sende søknad og utføre arbeidet. Du kan ikkje søke som privatperson.  Vi gjer merksam på at søknad om sanitærabonnement må vere godkjent før det vert gitt løyve om igangsetting for tiltak etter plan- og bygningslova.

Søknaden sender du via Ledningsportalen til Geomatikk  

Kontakt

Tenestetorga er her for å hjelpe deg
Telefon 57 72 20 00

Send sikker post og brev elektronisk via eDialog

Send e-post til postmottak@sunnfjord.kommune.no