Faktura for kommunale gebyrDu får faktura fire gonger i året som gjeld kommunale gebyr. Vi får ofte spørsmål om utrekningane og prøver her å svare på nokre av dei vanlegaste spørsmåla. Om kommunale gebyr i Sunnfjord kommuneDu får tilsendt faktura fire gongar i året, med forfall 15. mars, 15. mai, 15. august og 15. november. Alle gebyr er fordelt likt utover terminane, slik at du får same beløpet på kvar faktura.Dersom du har vassmålar, vil du no bli fakturert akonto. Dette betyr at du betalar eit berekna gebyr kvar termin, basert på tidlegare forbruk. I desember les du av målaren, og på første faktura året etter får du eit oppgjer. Ønskjer du avtale om fleksibel fakturering på kommunale gebyrVil du som innbyggar motta faktura for kommunale gebyr kvar månad, kan du kontakte Sunnfjord kommune, dette kan du gjere gjennom heile året.Skriv e-post til: avgiftsomrade@sunnfjord.kommune.no Eller ta kontakt med kommunen på telefon 57 72 20 00 Vi treng desse opplysningane: Namn og Gards- og bruksnummer.Eigedomsskatt for 1. termin blir fakturert med forfall i mars, uansett om ein vel faktura med 12 terminar. Dei som vil ha 4 fakturaer i året slik som før, treng ikkje ta kontakt.No blir det lettare å få innsyn i dine fakturaerDu kan no logge deg inn via Mi side og få innsyn i dine fakturarer. Du kan også be om betalingsutsetting digitalt. Kommunen sender ut faktura viaAvtalegiro: Du må opprette ein avtale i nettbanken/banken om avtalegiro. eFaktura: Har du sagt "ja-takk" til å få alle fakturaene elektronisk vil du få fakturaen elektronisk.Vipps: Har du slått på at du vil ha fakturane dine i Vipps vil fakturaen frå Sunnfjord kommune òg kome her.Digipost: Dersom du ikkje har avtale om eFaktura eller Avtalegiro med Sunnfjord kommune, kan du motta faktura i digital postkasse som Digipost eller eBoks. Faktura i postkasse: Dersom du ikkje har registrert Avtalegiro, eFaktura eller digital postkasse med Sunnfjord kommune, vil du få fakturaen i postkassen. Ofte stilte spørsmål Korleis blir forbruk av vatn og avløp rekna ut? Vatn- og avløpsforbruk for bustad er rekna ut etter arealet på huset x 1,2. Kvifor må eg betale for to bueiningar for mitt hus? Abonnementsavgift for vatn i bustad og abonnementsavgift for avløp i bustad gjeld for kvar bueining som er registrert i matrikkelen, det vil seie det som er registrert i eigedomsregisteret på bustaden din. Då huset vårt vart bygd var det registrert med to bueiningar, men vi brukar no heile huset. Kva må vi gjere for at det ikkje lenger skal stå to bueiningar? Du må søke om bruksendring for at dette skal bli rett i matrikkelen (eigedomsregisteret). Saksbehandlingsgebyr i Sunnfjord kommune Er det endringar i utrekningsmodell for vatn og avløp? Gebyret er framleis delt inn i abonnementsgebyr og forbruksgebyr. Abonnementsgebyret er likt for alle bustader. Forbruksgebyret varierer ut frå storleiken på bustaden din, dersom du ikkje har vassmålar. Har du vassmålar, blir forbruksgebyret berekna etter målt forbruk. Kven blir fakturaen sendt til? Kommunen sender fakturaen til den som står oppført som eigar i eigedomsregisteret ved faktureringsdato. Om eigedomen står i namnet til ein avdød person, må informasjonen oppdaterast i registeret for statens Kartverk. Eigarskifte midt i ein termin. Kan fakturaen delast mellom kjøpar og seljar? Eit eigarskifte er eit oppgjer mellom kjøpar og seljar. Vi anbefalar at du tek kontakt med ansvarleg eigedomsmeklar for å avklare om kommunale gebyr er tatt med i oppgjeret. Kan eg reservere meg frå å motta faktura i digital postkasse? Du kan reservere deg mot digital kommunikasjon frå det offentlege ved å reservere deg på ID porten. Dette vil også gjelde post som kjem frå kommunen. Alle betalingssatsar, avgifter og gebyr i Sunnfjord kommuneKvart år bestemmer kommunestyret prisane for kommunale tenester. Vi samlar dette i ei fullstendig prisliste. Lista er vanlegvis ikkje klar før i januar. Prisliste for Sunnfjord kommune finn du her Her kan du lese meir om gebyra for vatn og avløpOm eigedomsskattenVi sender ut skattesetel rundt 1. mars kvart år. Her kan du lese meir om eigedomsskatt i Sunnfjord kommuneHar du spørsmål om kommunale gebyr?Send e-post til: avgiftsomrade@sunnfjord.kommune.no eller ring tenestetorga på telefon 57 72 20 00. Sist endra 17.01.2024 07.14