Kulturbarn-prosjektet i Sunnfjord kommune

Prosjektet er no avslutta. 
Prosjsektperiode var: 
aug 2019 - des 2020

Prosjektet sitt mål var å gje barnehagebarn i Sunnfjord kjennskap til ulike kulturuttrykk. Det ga barnehagepersonalet kompetanseheving i å ta i bruk ulike kulturuttrykk i kvardagen, og innarbeide kultur i årsplanen i barnehagen.

Vi nytta erfaringar frå Kulturbarn 3-5 år som grunnlag for kompetanseheving for distriktsmusikarane i høve kulturformidling til barn i barnehage.

Prosjektet vart svært vellukka, difor jobbar vi no med å utvikle ein framtidsplan. Målet er å kunne tilby desse kunst- og kulturopplevingane til alle barnehagebarn i Sunnfjord kommune. 

Du finn metodikkheftet til prosjektet her:

"Kulturbarn Sunnfjord" metodeheftet frå prosjektet 2019-2021 (PDF, 18 MB)

 

Denne filmen viser barn frå 4 barnehagar i Sunnfjord anno 2020, i kunstnarisk utfalding! Den oppsummerer også prosjektet «Kulturbarn-kommune» kor aldersgruppa 3-5 år i desse barnehagane fekk møte profesjonelle utøvarar innan kunst, litteratur og musikk. Dei unge kunstnarane var, som de kan sjå, energiske og smittande glade!

Desse har vore med:

Lunden barnehage
Skei barnehage
Hatlehaugen barnehage
Sande barnehage
Kunstlærarar:
Karen Helga Maurstig, Charlotte Rintler, Ingjerd Monsen Hjelmeland
Musikarar: Ingrid Schei Stuhaug, Ole Nilssen
Litteratur: Janne Karin Støylen
Rektor kulturskule: Trude Skarvatun
Prosjektleiar: Anja Gulbrandsen

Teater Vestland
Song og Fjordane fylkeskommune
Høgskulen på Vestlandet, avd. Sogndal
Sunnfjord kulturskule
Sunnfjord kommune

 

Utdrag av prosjektbeskrivelsen:

Aktive kulturbarn – våre målsettingar som kulturbarn-kommune:
•    Vi ynskjer å utvikle ein kultur for kreativitet og skaparkraft i den nye kommunen, heilt frå borna er små

•    Vi ynskjer at møta med kunst og kultur skal gje både oppleving og erfaring på ein slik måte at vi skaper ein god danningsarena og ein sunn ytringskultur. 

•    Vi ser på språkleg sjølvstende og tryggleik som grunnleggande i arbeidet. 

•    Vi vil vinkle delar av arbeidet mot positive effektar for helse og livsmeistring. 

•    Vi vil utvikle ein ny samarbeidsmodell mellom fleire kulturaktørar som kan resultere i gode kulturtilbod for målgruppa. 

•    Vi ynskjer å bidra til kompetanseheving av personalet som jobbar med denne målgruppa i kulturskulen og i barnehagane.

Det nynorske språket er viktig for vår identitet. Likevel veit vi at den nynorske barnelesaren både ser og høyrer språket sitt i mindre grad enn vi skulle ynskje. Sunnfjord kommune vil markere seg som nynorsk-kommune på alle nivå i forvaltninga og i organisasjonen. Førde bibliotek kursar sine tilsette gjennom "Kurs i formidling til barn", eit formidlingsopplegg som inviterer barna til undring, utforsking og medskaping på sitt eige språk. Frå 2020 er kommunen ein "Lesefrø"-kommune der barnebøker kan lånast direkte i barnehagen. Som kulturbarn-kommune vil vi gje borna både lese og skrive-lyst. Vårt mål er at den nye, gode nynorske barnelitteraturen skal bli allemannseige. 

Vi vil satse på song, musikk, forteljing og visuell kunst i første fase av arbeidet. Etter kvart vil vi sjå etter korleis vi kan kople inn teater og dans som kunstuttrykk. 

I ein type kulturkarusell kan vi veksle mellom dei ulike kulturuttrykka i fleire barnehagar før vi prøver å sette saman noko av det vi har jobba med. Dette kan til dømes visast fram på verdsscena under Bornas Verdsdagar som barnehagekor med sjølvskrivne tekstar. 
Kunstuttrykka kan også bli vist fram her med utstilling og synleggjering av borna sine kunstuttrykk. Difor er vi glade for å ha med både Førdefestivalen, Rom for ord og lokale kunstnarar som samarbeidspartar i søknaden og i prosjektet. 
 

www.kulturtanken.no