Søk om fast treningstid i idretts- og symjehallar i Sunnfjord kommune

Her kan du søke om fast treningstid i idretts- og symjehallane:

  • Bygstad idretts- og fritidspark 
  • Førdehuset 
  • Gaularhallen 
  • Halbrendshallen 
  • Jølstrahallen 
  • Naustdalshallen 
  • Skei storhall 

Søknadsfrist: 1. mai 2025

Informasjon om fast treningstid

Sesongen 2025/2026 varer i perioden: 18.08.2025–19.06.2026

Treningstid vert tildelt for: Mandag–Fredag, klokka16.00–22.00.

Kriterium:

  1. Tildeling av fast treningstid er bindande og føl skuleruta – 38 veker. Treningstid gjeld ikkje i skuleferiar. For å trene i feriar må dette avtalast i god tid, minimum 2 veker før ønska treningstid.
  2. Det er 1. månads oppseiingstid

Slik søker du 

  1. Skriv ut skjemaet
  2. Skriv inn all nødvendig informasjon
  3. Send skjemaet tilbake på e-post til: 

     Merk e-post med : Fast treningstid, (namn på idrettshall) 25/26.

Dersom du treng hjelp til søknadsprosessen, ta kontakt med Tor Emil Foslid eller Hege Andrea Sannerhaugen.
Behandling av søknadene og tildeling av treningstider tar omlag 4 - 6 veker.

Søknad om tildeling av treningstider i idrettshall (Gaularhallen, Halbrendshallen, Jølstrahallen og Naustdalshallen) (PDF, 151 kB)

Søknad om tildeling av treningstider i idrettshall (Skei storhall og Bygstad idretts- og fritidspark) (PDF, 142 kB)

Søknad om tildeling av treningstider i idretts- og symjehall (Førdehuset) (PDF, 121 kB)

Søknadsfrist

  • Søknadsfrist: 1. mai 2025

Prisar

Sunnfjord kommune har vedteke at alle kommunen sine idrettshallar skal leigast ut etter følgjande prisoppsett:   

Prisliste

Prisane føl kalenderåret og vil derfor bli indeksjustert kvart år.

  • Prisoppsettet legg til rette for at lag og/eller organisasjonar som nyttar idrettshallen mykje kan inngå i ein dugnad med kommunen for redusert leigepris. 
  • Det er også slik at alle frivillige lag og organisasjonar i Sunnfjord kommune kan leige til dugnadspris i helgar ved å syte for vakt og ansvarsperson sjølv. Leigetakar skal ha motteke naudsynt opplæring i idrettshallen før leigedato.
  • I vekene vil dugnadsansvaret ligge til fast(e) idrettslag for kvar hall.
  • Kiosk er inkludert i leige av heil hall.
  • Førdehuset er ikkje mogleg å leige med dugnad eller kiosk. Redusert pris for barn og unge (ved trening, ikkje kamp) vil framleis gjelde for Førdehuset. Det er ikkje sett av midlar i økonomiplanen til å utvide dette tilbodet i heile Sunnfjord kommune.

Prosess for tildeling og moglegheit for å klage

Klage på tildelt treningstid må  sendast skriftleg til Sunnfjord kommune  innan 3 veker frå tildeling. Merk med «klage treningstid idrettshall». Klagen vert handsama av einingsleiar for idrett og friluftsliv.

Kontakt

Hege Andrea Sannerhaugen
Driftskoordinator idrettshallar
E-post
Telefon 57 72 61 15
Mobil 46 64 14 96

Kontorstad Førdehuset

Profilbilde av Anne-Grete Nøttingnes Rognsøy
Anne-Grete Nøttingnes Rognsøy
Einingsleiar
E-post
Telefon 57 72 61 14
Mobil 90 65 10 70