Sunnfjord kommune

Jordmor og svangerskapskontroll

Jordmor og svangerskapskontroll

Koronasituasjonen - oppdatert 11. mai 2020

Smitteverntiltak ved helsestasjonen

  • Du/de skal møte presis til avtalt tid på Helsestasjonen for å unngå for mange i ventesona.
  • Når du/de møter til avtale, så skal du/de vere symptomfrie og ikkje vere i karantene
  • Du/de skal vaske hendene eller nytte tilgjengeleg handsprit for reingjering av hendene når de kjem på helsestasjonen, og i tillegg halde god avstand til andre.
  • Vi oppmodar besøkande om å unngå unødig berøring av flater av smittevernomsyn.
  • Vi ber om forståing for at barna ikkje kan bevege seg like fritt som vi skulle ønske, og at foreldra må hjelpe barna med å halde minst 1-meters avstand til andre.
  • Grunna smittevernomsyn har vi rydda bort alt av leikar. Vi oppmodar foreldre difor om å ha med ein leike som barnet kan ha glede av under besøket på helsestasjonen.
  • Dersom mogleg skal berre ein vaksen følge barnet til helsestasjonen. Søsken skal ikkje vere med.
  • Vi gjennomfører ikkje heimebesøk til nyfødde, det vert i staden avtalt ein konsultasjon på helsestasjonen.
  • Gravide skal møte aleine til konsultasjonen.

Meir normalisert drift ved helsestasjonen

  • Oppfølging av jordmor. Gravide får oppfølging etter oppsett plan. Den gravide må komme aleine til konsultasjonen. Unntak er fødselssamtale for 1. gongsfødande saman med far.  Ei god nettside der du får trygge svar for gravide og småbarnsforeldre er helseoversikt.no 
  • Oppfølging av helsesjukepleiar 0–5 år. Oppfølging av nyfødde og vaksinering har hatt førsteprioritering, men vi aukar no til tilnærma normal drift i trygge rammer. Nokre konsultasjonar kan bli erstatta av telefonkonsultasjon etter nærare vurdering. Gruppekonsultasjonar vert erstatta av individuelle konsultasjonar, unntak er barselgruåper som kan organiserast som felles trilleturar ute.
  • Sentralbordet, 57 72 21 30 er inntil vidare ope som vanleg, så ta kontakt om du har spørsmål, men ekspedisjonen er stengt for besøkande. 

Ta tidleg kontakt om du er gravid

Ta kontakt med jordmor eller fastlegen din om du er gravid. Svangerskapsomsorga er eit gratis tilbod til alle gravide om kontrollar gjennom heile svangerskapet. Målet er å sikre at svangerskapet utviklar seg så normalt som mogleg både for babyen og for deg som skal bli mor. 

Skal du velje jordmor eller fastlege?

Du kan velje om du vil ha oppfølging av jordmor eller av fastlege i svangerskapet. Du kan òg velje både lege og jordmor. 

Helsestasjonar i Sunnfjord kommune

Helsestasjonar i Sunnfjord kommune

Dette skal du ta med på kontroll

Kvar gong du skal på kontroll, skal du ta med

  • urinprøve (teken om morgonen same dag som du skal til kontroll)
  • helsekortet ditt (som du får på den første svangerskapskontrollen)
Plan for svangerskapskontrollane
Svangerskapsveke Kontroll
Veke 6-12 Første svangerskapskontroll
Veke 12-16 Andre kontroll
Veke 17-19 Ultralyd, Helse Førde HF
Veke 24 Tredje kontroll
Veke 28 Fjerde kontroll
Veke 32 Femte kontroll
Veke 36 Sjette kontroll
Veke 38 Sjuande kontroll
Veke 40 Åttande kontroll
Veke 41 Overtidsvurdering, Helse Førde HF

Etter fødsel

Når barnet er født har de tilbod om vidare oppfølging på helsestasjonen for barn 0–5 år.

Vil du vite meir?

Her finn du brosjyrer og lenker til nyttige og trygge nettstadar. 

Kontakt

Tenestetorga er her for å hjelpe deg
E-post
Telefon 57 72 20 00