Ordensreglement

Våre ordensreglar er bygd opp etter  PALS-modellen. Som PALS- skule arbeider vi med å øve inn positiv og god åtferd for å lære dei tre overordna reglane våre; ansvar, omsorg og respekt. Vi har eiga regelmatrise med forventningar til god åtferd, og ein konsekvensplan som vi nyttar ved regelbrot. 

Elevar får informasjon og praktisk opplæring i reglane på starten av skuleåret, og foreldre får informasjon på foreldremøte. Det er viktig at elevar, foreldre og tilsette er godt kjende med skulen sitt reglement. Vi oppmodar alle om å lese regelmatrisa og konsekvensplanane godt. 

Ordensreglement for Vassenden skule

Vassenden skule sitt ordensreglement bygger på Sunnfjord kommune sitt overordna reglement for skulane.