Skulereglar

Våre skulereglar er utforma ut frå skulereglane i Sunnfjord kommune, og strukturert ut frå PALS-modellen. Som PALS- skule arbeider vi med å øve inn positiv og god åtferd for å lære dei tre overordna reglane våre; ansvar, omsorg og respekt. Vi har eiga regelmatrise med forventningar til god åtferd på ulike arenaer, og ein konsekvensplan som vi nyttar ved regelbrot. I tillegg har vi ordensrutinar og tips til mobil- og nettvett. 
 

Elevar får informasjon og praktisk opplæring i reglane på starten av skuleåret, og foreldre får informasjon på foreldremøte. Det er viktig at elevar, foreldre og tilsette er godt kjende med skulen sitt reglement. Vi oppmodar alle om å lese regelmatrisa og konsekvensplanane . 

Vassenden skule sine skulereglar er utforma etter § 10-7 i Opplæringslova, og består av dette: .

Forskrift om skulereglar i Sunnfjord kommune

Klassereglar 1.-10. klasse  (PDF, 78 kB)

Regelmatrise  (PDF, 179 kB) 
Mobil- og nettvettreglar  (PDF, 132 kB)

Ordensrutinar  (PDF, 119 kB) 
Konsekvensplan (PDF, 269 kB)