Plan for året

Planen for Meieriplassen

STUDIO HUG  

Det er byrommet utanfor Sogn og fjordane kunstmuseum som skal bli lagt til rette for opphald og leik i dette prosjektet. Arkitektfirmaet, Studio HUG, vil saman med fleire lokale aktørar skape aktivitet i dette byrommet. Installasjonane i byrommet skal stå i eit år.

 

02.11.2020

Oppstartsmøte

Møte med arkitekt, vidaregåande skular og andre samarbeidspartnarar.

  

10.11.2020

Følg arbeidet på Instagram


Du kan følge arbeidet med byrommet på Instagramprofilen
 Meieriplassen_

01.01.2021

Design av konstruksjon

Studio HUG vil designe elementa i byrommet. 

19.02.2021

Verkstad med elevar

Studio Hug var i Førde 18. og 19.mars, og hadde verkstad med elevar på Arkitektur og Design linja. Saman med elevane testa dei ut og støype med farga betong og arbeide med tekstil.

Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete

 

18.03.2021

Byrommet får namn

Studio Hug  Det har i vår vore namnekonkurranse, og det kom inn mange gode innpel. Tusen takk til alle som har sendt inn forslag!

Namnet, Meieriplassen, vart fastsettast i Utval for Samfunn, Kultur og Næring 21.april 2021.

Jury for val av namn til byrommet

  • Rune Hegrenes (leiar i utval for samfunn, kultur og næring)
  • Hilde Bjørkum (kommunalsjef kultur og idrett)
  • Dag Solheim (dagleg leiar i Futurum eigedom som eig plassen det er snakk om her)
  • Representant for Førde historielag
  • Oscar Eliassen Fink (ungdomsrådet)
  • Kathrine Helene Skarsholt (museumspedagog)
21.04.2021

1. klasse hjelper til med dekor

1. klasse ved Førde Barneskule måler plater som skal dekorere takkonstruksjonen til paviljongen i vakre fargar. 

Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete

 Til hausten kan skuleklassar komme på besøk og lære om gulrøtter og poteter og andre vekster som kjem opp frå jorda.

23.04.2021

Ebenk?

Utforskar om det er mogleg å sette opp ein ebenk på Meieriplassen. Ebenken tilbyr gratis Wi-Fi og lading gjennom USB. Benken kan også gje straum til ulike arrangement.

Klikk for stort bilete

 

13.05.2021

Bygge og plante hage

Prosjektet Attraktivt byrom er godt i gong i planlegginga. Mange inspirerande menneske og aktørar har støtta godt opp under arbeidet for å passe på at det blir bra.

Førde Sementvaregir ny bruk av betongelementer og restestøyp. Det skal komme fem plantekassar på plassen. Bruland trevarefabrikk bidrar med pallar og pallekarmar.

Marit Kjersti Bendz, Naturvernforbundet, Vie Andelslandbruk gjer god veiledning i urban hagedyrking. Mo og Øyrande jordbruksskule kultiverer vekster og skal skrive om korleis ein stellar dei ulikeplantane.

18.05.2021

Planting

Paviljongen er reist og noko finpuss står att. Snart kjem det på plass ei reiskapsbu og benkar med hjelp frå nevenyttige pensjonistar og Reodorklubben.

Elevar ved jordbruksskulen på Mo har odla fram plantar. Dei fekk i mai hjelp frå barneskulen til å sette ut plantane og borna viste stor interesse. Urban hagedyrking vil kunne formidle kunnskap om plantar og plantebruk gjennom QR-kodar på plantekassane. Nokre plantar smakar til og med pizza!

Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete

 

21.05.2021

Lyssetting

27.05.2021

Bygge interiør

27.05.2021

Paviljong er klar til bruk!

Paviljongen og resten av Meieriplassen er ferdig, og klar til at du kan ta det i bruk. Vi håpar at mange vil nytte denne nye møteplassen.

På avduking 4.juni fekk vi takka dei involverte i prosjektet. Kokkenes Mesterlaug serverte deilige smakebitar og det vart gode samtalar i nabolaget om byrom og byutvikling. Kulturnatta inntok paviljongen utover kvelden med ei ny ramme for konsertar 
 

StudioHUG ønsker velkommen til paviljongen - Klikk for stort bilete
Byliv ved Kunstmuseet - Klikk for stort bilete
Maria frå Studio HUG - Klikk for stort bilete
Meieribestyraren - Klikk for stort bilete

 

04.06.2021

Sommarvertar på Meieriplassen

 To ungdomar har fått sommarjobb som gartnarar, arrangementsansvarleg på plassen. Gjennom aktivitetskalendaren kan arrangement marknadsførast. 

07.06.2021

Dåp av Meieriplassen - offisiell opning!

Ordførar Olve Grotle heva melkeglaset og døypte byrommet; Meieriplassen!

 

 Sjå bildegalleri frå seremonien

24.08.2021