SFO Naustdal skule

SFO (skulefritidsordninga) er eit tilbod for alle barn på 1. - 4. trinn før og etter skuletid.
Barn med særskilde behov på 5. - 7. trinn kan også søke plass på SFO.

Kontaktinformasjon SFO Naustdal skule

SFO-leiar: May Helen Kjørsvik Vatne

Opningstider SFO

Opningstida er frå kl. 07.00 til skulestart, og frå skuleslutt til kl. 16.30.

Unntak frå opningstida er fem planleggingsdagar for personalet i løpet av året. SFO er stengt julaftan og nyttårsaftan. Onsdag før skjærtorsdag stenger SFO klokka 12.00.

Påmelding til SFO

Legg inn søknad i kommunen sitt skuleadministrative system:

Søk om SFO-plass

Informasjon om sfo-tilbod og prisar

Dersom du seinare ynskjer å endre tilbodet gjer du dette på same innloggingsplass som du søkte om plass.

Påmeldingsfrist

  • 1. april for nye søkarar, men det er mogleg å søke heile året. 

Påmelding til SFO i feriar

Barn som skal vere på SFO i feriar (haustferie, juleferie, vinterferie og påskeferie) må melde seg på. Det vert sendt ut påmeldingsskjema før kvar ferie. 

Hugs at du må melde deg på særskilt om du ynskjer sommarferietilbodet kvart år. Fristen er 1. mai. 

Oppseiing av SFO-tilbod

Oppseiingsfristen er éin månad frå den 1. i komande månad.
Du må logge deg inn via Visma Flyt Skule, for å seie opp plassen.  
Det er ikkje høve til å seie opp eller redusere tilbodet for barnet etter 31. mars

Ved byte til eit mindre tilbod gjeld òg oppseiingsfristen på éin månad. Ved byte til større tilbod kan endring gjelde straks dersom det er plass.

Endre eller sei opp plass i Visma Flyt skule

Vedtekter SFO   

Kontakt

SFO Naustdal skule
Mobil 90 72 07 03

Opningstider

07.00–16.30

Adresse

Besøksadresse:
Berrvellene 16
6817 Naustdal

Postadresse:
Sunnfjord kommune
Naustdal skule
Postboks 338
6802 Førde

Kart