SFO-TilbodDu har fleire ulike tilbod (plasstypar) å velge mellom. B-tilbod B-tilbod gir opphald i heile opningstida på SFO, men ikkje i elevfrie dagar og feriar i skuleåret. C-tilbod C-tilbod gir plass inntil 20 timar i veka. Føresette fyller ut skjema der ein fastsetter når barnet skal vere på SFO. D-tilbod D-tilbod gir plass inntil 12 timar i veka. Føresette fyller ut skjema der ein fastsetter når barnet skal vere på SFO. E-tilbod E-tilbod gir plass inntil 5 timar i veka. Føresette fyller ut skjema der ein fastsetter når barnet skal vere på SFO. SommarSFO SommarSFO er utanom det ordinære tilbodet. Det kjem altså i tillegg til den plassen barnet har. SommarSFO gjeld frå siste skuledag og fram til skulestart, med unntak av fire veker sommarstengt. Kjøp av ferieveker Ein kan kjøpe plass i ei veke i feriar, både i skuleåret og sommarferien. Uavhengig av om ein har B, C, D eller E-tilbod. Kva kostar SFO?Du betalar for plassen i 10 månader, med månadleg innbetaling. Det er ikkje søskenrabatt. Betalingssatsar SFO frå 1. januar 2025 Plasstype Eining Pris 1. , 2. og 3. klasse Pris 4. klasse B-tilbod Kr per månad 1645 3435 C-tilbod Kr per månad 1165 2946 D-tilbod Kr per månad 0 2425 E-tilbod Kr per månad 0 1435 Gebyr seint henta barn Kr per gong 425 425 Kjøp av halv dag Kr per gong 260 345 Kjøp av heil dag Kr per gong 280 365 Kjøp av sommar-SFO Kr per månad 3435 4590 Kjøp av veke i skuleferiar og sommarferie Kr per veke 1405 1875 Kjøp av sommar - SFO heil dag Kr. pr. gong 301 410 Sist endra 02.01.2025 12.08