Informasjon til heimen

Skulestart for 1-4 måndag 27. april er begynt å nærme seg, og vi gleder oss til å ta i mot elevane.

I samband med opninga blir det vist til informasjon frå kommunalsjef Åge Stafsnes, som vart sendt på e-post onsdag 22. april, og informasjon om Korona som ligg på heimesida til skulen og kommunen. Skulen fylgjer retningslinene som er gitt.

Her fylgjer ein del informasjon som gjeld elevane ved Førde barneskule. I tillegg vil de få informasjon frå kontaktlærarane. Det gjeld kven som skal møte elevane om morgonen, og om gruppedelingar i skule og SFO.

Informasjon om oppmøtestad

Elevane blir møtt av lærar/ assistent. Oppmøte mellom 08.50- 09.00. Det er bra om de minner elevane på å halde avstand.

Kontaktlærar eller SFO-personale vil ta kontakt på telefon for å avtale levering og henting.

Kor skal elevane møte

Klassetrinn 1 og 2 møter ved hovudinngangen.

Klassetrinn 3 møter ved Edderkoppen.

Klassetrinn 4 møter ved kyrkjeparkeringa/ på veg ned til skulen.

Henting og levering skal skje ute.

Datamaskinene som elevane har brukt i heimeundervisninga

Det er viktig at alle elevane tar med seg datamaskinene til skulen på måndag. Ta maskina med  til klasserommet. Maskinene vil bli nytta vidare i skuletida.

Prioriterte område i undervisninga

Vi har fokus på at elevane har vore borte frå kvarandre over lang tid, og at dei treng å tryggast og øve på nye rutinar. Det skal vere kjekt å begynne på skulen igjen.

Basisfaga vil bli vektlagde framover, i tillegg til uteaktivitet og uteskule.

Elevane skal ha med seg

Skulesekk med skulebøkene, niste og drikkeflaske.

Ha eit klesskifte i sekken.

Regnkle og støvlar tar elevane med seg første skuledagen, og dette kan henge i garderoben. Skulen vurderer om noko som ligg i garderobane no, skal sendast heim med elevane. 

Fint om elevane har på seg gode, praktiske kle og sko til å vere i aktivitet ute.

Uteskule vil bli prioritert framover.

Rutinane

Vi må vere strenge på at alle elevane følgjer rutinane for reinhald og god hygiene. Elevane treng difor å førebuast godt, og bli forklart kvifor vi treng desse nye reglane.

Ved brot vil elev blir følgd opp med samtale, heimen vil bli kontakta med oppmoding om å snakke med eleven. Ved gjentakande brot vil vidare oppfølging bli vurdert. 

Lekse

Vi startar utan lekse den første veka.

Vekeplanane

Planen for veka blir lagt inn i Teams.

Leksehjelp og «Korps i skulen»

Det vil ikkje vere tilbod om dette med det første.

Skulemjølk

Om de har bestilt mjølk frå før av, vil elev få mjølk frå og med måndag 27.04.

Friminutt

Skulen har organisert pausar på ulike tidspunkt og legg til rette for at elevane nyttar nærområda rundt skulen.

Tursekk og sitteunderlag

Det er ein fordel om elevane tar med seg ein liten tursekk og sitteunderlag. Den kan henge i garderoben.

Buss

Gjeld berre for dei som har rett til skyss, og bussen går etter skuleslutt.

Elevane skal sitte med minst eit sete mellomrom. For eksempel kan ein sitte ved vindauget. Elevane må halde ein meter avstand medan dei ventar på bussen. Elevar som er sjuke eller har sjukdomssymptom skal ikkje nytte skuleskyss. Om det er to inngangar i bussen, skal bakre del nyttast. Skuleskysskorta skal ikkje brukast i denne perioden.

For elevar som nyttar drosje vil det bli lagt til rette for å halde rutinane.

Elevar som har nytta skyss tidlegare, men som ikkje har rett til det, blir oppmoda om å gå eller sykle. Vi minner om bruk av hjelm.