Religiøse aktivitetar i skuletida

Ein gong i året vert klassane invitert til besøk i Førde kyrkje. Dette  er ikkje ei gudsteneste i vanleg forstand, men ein gjennomfører eit program som elevane har førebudd med sang, dramatisering og lesing.

Dei føresette som ikkje ønskjer at barna deira skal delta på slike arrangement, kan leggje inn ein reservasjon mot dette i Visma Skule ved å ikkje gi samtykke til deltaking i slike aktivitetar. Desse elevane vil få eit eige tilbod på skulen som er i samsvar med Utdanningsdirektoratet sine føringar. Samstundes som det vert gitt informasjon om kyrkjebesøket, vil skulen og informere om kva aktivitet det vil verte lagt opp til for dei som ikkje ønskjer å delta.