Skuleskyss

Vi får relativt mange spørsmål kring skuleskyss, spesielt etter endringane som skjedde i samband med overgangen frå Kringom til Skyss 20. juni 2022. 

Kven har rett på skuleskyss?

Det er selskapet Skyss som på vegne av Vestland fylkeskommune gjer vedtak om skuleskyss til elevane. Skulen si rolle er å formidle søknadene. Hovudreglane for vedtak er som følgjer:

  • Alle elevar som har skuleveg som er lenger enn fire kilometer langs «farbar veg» har rett på skuleskyss. Med farbar veg meiner ein offentlege vegar, gangvegar, stiar og private vegar som er opne for allmenn ferdsel.
  • Elevane på første årssteg har rett på skyss når skulevegen er meir enn to kilometer.
  • Elevar som har to heimar kan ha rett på skyss frå eine eller begge heimane om skulevegen er lenger enn to/fire kilometer.

Det kan i tillegg søkjast om skyss der det er farleg eller vanskeleg skuleveg. Det same gjeld for elevar med funksjonshemming eller som har mellombels skade eller sjukdom.

Meir informasjon om rettane til skyss ligg her: Grunnskolen (udir.no)

Kringom blei til Skyss 20. juni 2022

Den 20. juni blei Kringom til Skyss. Det medfører ein del endringar, spesielt for dei elevane som tek buss til skulen, men som ikkje har rett på skyss. Blant anna har billettprisen stege frå 10 til 20 kroner for barn. I tillegg er billettsystemet lagt om slik at ein ikkje lenger kan nytte reisekort. All billetthandsaming skjer gjennom app på mobiltelefon eller SMS.

Meir informasjon om endringane hjå Skyss finn du her: Kringom blir Skyss