SFO Bygstad skuleKontaktinformasjon og opningstider Telefon: 45 97 92 01 Opningstid: 07.00–16.30 Tilsette ved SFO : Jorunn Mundal Solheim, dagleg leiar SFO/kontor Lisbeth Nydal, barne- og ungdomsarbeidar sfo/skule Sissel Sørøy, assistent sfo/skule Britt Røyseth, barne og ungdomsarbeidar sfo/skule May Linn Solibakke, barne og ungdomsarbeidar sfo/skule Påmelding til SFO Du søker på felles opptak i Sunnfjord kommune. Hovudsøknadsfristen er 1. april, men det er mogleg å søke om plass heile året. Bruk Bank-Id. Søk om SFO-plass I tillegg må du fylle ut eit påmeldingsskjema til SFO Bygstad skule. Om SFO på Bygstad skule SFO skal legge til rette for leik, kulturaktivitetar og sosial læring. Hjelpe borna med å utvikle toleranse, ha omsorg for andre, og ein skal gje allsidige leike- og aktivitetstilbod. Grunnhaldninga til SFO ved Bygstad skule, er at dette er borna si fritid, og vi vil ikkje organisere den for mykje. Tilrettelagde og vaksenstyrte aktivitetar Matlaging: Vi vil prøve å legge opp til sunn kost, men vikan kose oss med noko godt inni mellom. Døme på mat vi lagar på SFO: rundstykke, grove scones, grove vaflar, bollar, kakao, supper og ymse typar graut. Forming: ulike aktivitetar, vi nyttar ulike formingsmateriell: til dømes leire, trolldeig og tre. Borna har og tilbod om å veve, male, sy, teikne. Forming knytt til høgtider. Kroppsøving: Balleikar, sangleikar, tur og fri leik. Tur: Gå turar i nærmiljøet Mat i løpet av SFO-dagen Frukost: Borna kan ete frukost på SFO. (Drikke til frukost må dei ha med seg sjølv.) Frukost på SFO er mellom 07.00 til 08.15. Etter skuletid: Har borna behov for mat etter skuletid kan dei få ete mat som dei har med seg. Frukt på SFO (onsdag): Vi legg opp til fruktstund på onsdagar, flott om alle har med ei frukt eller ei grønsak. Andre praktiske opplysningar Klede: Borna bør ha liggande klesskifte på SFO eller skulen. Er det dagar med ustabilt vêr, bør borna ha med støvlar og regnklede. Leikar: Vi har leikar på SFO. Borna skal difor ikkje ha med leikar heimanfrå. Rydding: Foreldre kan godt minne borna på at dei ryddar på plass det dei leikar/ arbeider med før dei går heim for dagen. Bringing/henting: Onsdagar: Om barnet ikkje kjem på SFO, må de ringe og gi beskjed før 09.30. Når borna går for dagen, må dei sei ifrå til ein vaksen at dei vert henta. Sist endra 20.01.2023 15.37