Regional ordning for barnehagarRegional ordning skal bidra til at barnehagar utviklar sin pedagogiske praksis gjennom barnehagebasert kompetanseutvikling i samarbeid med universitet og høgskole. Høgskulen på Vestlandet har hatt forelesing for personalet om språkutvikling, fleirspråklege barn, høgtlesing og språk og kjønn.Barnehagen har fått midlar frå statsforvaltarenVie barnehage fekk midlar i juni 2019 og jobba då med uteleiken. Våren 2023 søkte vi midlar knytt til spesialpedagogikk. Sommaren 2023 fekk barnehagen 231 000 kr. til å jobbe med kompetanseheving knytt til spesialpedagogikk. Gjennom heile prosjektperioden samarbeida vi tett med Høgskulen på Vestlandet (HVL), avdeling Sogndal.Statsforvaltaren.no – Regional ordning for barnehagarEtter ei spørjeundersøking i personalgruppa kom det fram at dei tilsette ville lære meir om språkutvikling, og om språkmateriell vi har i barnehagen. Problemstillinga blei: Korleis jobbe for at alle barn i Vie barnehage får ei god språkutvikling, og korleis bruke ressursane vi har (både vaksne og det materialet vi har kjøpt). Dei tilsette har på fellesmøte fått opplæring på:kva er normal språkutvikling?korleis nytte det pedagogiske verktøyet snakkepakken og mattekista i samling og aktivitetsgrupper?I tillegg har HVL hatt forelesing for personalet om språkutvikling, fleirspråklege barn, høgtlesing og språk og kjønn.I haust har vi valt å jobbe avdelingsvis, og problemstillinga er: Korleis sikre at alle barn i Vie opplever eit godt språkmiljø med ressursane vi har (vaksne og materiell) ? På planleggingsdagen 01.11.2024 jobba vi med tema og mange av avdelingane valte høgtlesing som tema. Vi gleder oss til å få meir kompetanse på tema. Sist endra 24.02.2025 16.05