Frode Laks - Ei kulturell bru mellom barnehage og skule

Frode Laks ligg på bagen med namnet sitt på - Klikk for stort bileteFrode Laks Vie barnehage

Våren 2022 har førskulebarna i Vie barnehage blitt kjende med Frode Laks. Dette er eit kulturelt verktøy med både songar og eventyr som barna har jobba med, og som dei vil møte igjen i 1. klasse på skulen.

Frode Laks - kulturellt verktøy

«Som ny stor kommune har Sunnfjord mange barnehagar og skular med ulike kulturar og innhald. Med kulturarven som plattform kan vi utvikle felles identitet, forståing og praksis knytt til arbeidet med overgangar i oppvekstløpet. Når tilsette i skule og barnehage brukar felles kulturelle verktøy for å støtte barna si meistring av overgangar, vil barna erfare samanheng uavhengig av kva base dei kjem frå og går til»

Barna har gjennom det kulturelle verktøyet lært og erfart meir om:

  • Frode Laks (kosedyr)
  • Songane: Oppen poppen, pusekatten og Per sjuspring
  • Eventyra: pølsetjuven og pannekake
  • Leik: spark på boks

Meir informasjon om Frode laks