Barneløp - FORUT barneaksjonen 2023

Onsdag 1. november hadde vi barneløp i sjukehusparken, til inntekt for FORUT barneaksjonen og fadderbarnet vårt. Heile barnehagen deltok, og det var ein imponerande innsats av både dei som sprang og alle heia-gjengane. Dette er med på å styrke fellesskapskjensla i barnehagen, i tillegg til at det er fint å kunne bidra for å hjelpe barn i andre land.  Det er ei frivillig innsamling der foreldre kan bidra med ein valfri sum for kvar runde barnet spring i barneløpet (max 3 runder). 

På FN-dagen 24. oktober hadde vi den årlege FN-kafeen og inviterte alle foreldre på kaffi, saft, boller og fruktkopper. Inntektene frå kafeen går også til FORUT barneaksjonen og fadderbarnet vårt. 

Er du nysgjerrig på kva FORUT er? Besøk gjerne heimesida her: FORUT