Barneløp – Forut barneaksjon 2024

Vie barnehage jobbar kvart år med Forut barneaksjon.

Barneaksjonen er eit pedagogisk opplegg om livet til barn i Afrika og Asia. I år har barna blitt kjent med Hampless og Malawi.
På FN-dagen 24. oktober hadde vi den årlege FN-kafeen og inviterte alle foreldre på kaffi, saft, bollar og fruktkoppar. Inntektene frå kafeen går til FORUT barneaksjonen og fadderbarnet vårt. 


25. oktober hadde vi barneløp i sjukehusparken til inntekt for FORUT. Det er ei frivillig innsamling der foreldre kan bidra med ein valfri sum for kvar runde barnet spring i barneløpet (max 3 rundar). Heile barnehagen var samla i sjukehusparken. Dei eldste barna spring 1-3 rundar medan dei minste er heiagjeng. Monkey er ein kjent figur i det pedagogiske opplegget. Han var med oss i parken og stod for oppvarminga. Det er eit veldig kjekt arrangement for store og små i Vie barnehage. 


 Forut barneaksjon 2024/2025