Dokumentet skal gi ein samla, langsiktig retning for utvikling av helse- og omsorgstenestene i kommunen. Formålet er å legge til rette for ei berekraftig utvikling av tenestene i møte med viktige utfordringar, som endringar i demografi, mangel på arbeidskraft og auka behov for helse- og omsorgstenester. Samstundes skal dokumentet bidra til å tydeleggjere prioriteringar, styrke førebygging og tidleg innsats, og sikre at ressursane vert nytta på ein mest mogleg formålstenleg måte.
Den strategiske retninga skal vere eit styringsverktøy for vidare planlegging, utvikling og omstilling av tenestene, og gi eit felles grunnlag for politiske vedtak og administrative prioriteringar i åra framover.
Vi ønskjer innspel frå innbyggjarar, brukargrupper, tilsette, samarbeidspartnarar og andre interesserte.
Sjå viktige dokument i saka
Kva ønskjer vi innspel på?
Vi inviterer særleg til synspunkt på:
- Overordna mål og retning for tenestene
- Prioriteringar og tiltak i planen
- Korleis vi best kan møte framtidige behov innan helse og omsorg
- Samhandling, førebygging og tidleg innsats
- Korleis vi kan sikre berekraftige tenester innanfor tilgjengelege ressursar
- Eventuelle andre forhold de meiner er viktige
Høyringsfrist 1. september 2026.
Frist for å sende inn høyringsinnspel er 1. september 2026.
Slik sender du innspel
Send innspel til sak 26/3852
Du kan også sende innspel på eDialog eller per post , då må du merke saka med “Høyring – Strategisk retning og prinsipp for helse og omsorg, saksnummer: 26/3852”
- eDialog
- Sunnfjord kommune, Postboks 338, 6802 Førde
Vidare prosess
Etter høyringa vil innspela blir vurderte og eventuelt innarbeidde i strategidokumentet eller som ein del i det vidare arbeidet i kvalitet og kapasitet i helse og omsorg som skal halde fram hausten 2026.
Vi oppmodar alle som er opptekne av utviklinga av helse- og omsorgstenestene i Sunnfjord til å kome med innspel!