Status skuletiltak september 2026

Formannskapet fekk 10. september ei orientering om status i skuleprosjekta. Tilsette på skulane, leiarar, vaktmeistrar og  ungdomar på sommarjobb har lagt ned ein stor innsats for at vi lukkast med å ha skulane klare til skulestart 2026.

Førde ungdomsskule 

542 elevar

  • Byggearbeid vart avslutta i samsvar med tidsplanen.
  • Flytte prosessen vart avslutta tden 3. juli.
  • Klargjering av skulen fram til plandagar for tilsette. Ein omfattande prosess å rigge ein stor ungdomsskule.
  • Stort sett gjenbruk av inventar.
  • Skulen stod klar til å ta imot elevane til  skulestart.
  • Det har ikkje vore større utfordringar i prosessen med bygg, eller flytting.
  • Det har vore mindre justeringar undervegs, når det gjeld bygg. Det er i prosessen ikkje avdekka større behov som har auka kostnadane.
skulebygg - Klikk for stort bilete

 

Halbrend skule 

335 elevar

  • Flytting og innflytting vart gjennomført etter planen.
  • Gjenbruk av inventar.
  • Innvendig vart skulen klar til skulestart:
    • Etablert SFO
    • Garderobar
    • Auka kapasiteten på toalett i nærleiken av SFO
  • Uteområdet vart forseinka, mellom anna på grunn av kvalitetssikring av tilbod og mindre justeringar av planane.
  • Området blir overtatt måndag 13.9, kl. 11.00.

 

Vassenden skule

220 elevar

  • Samanslåinga gjekk etter planen.
  • Det er etablert SFO i sambruk med hallen for å utløyse betre løysingar for ungdomstrinnet.
  • Sambruk med hallen om lokale til SFO er gir god ressursutnytting av areal. 
  • I samband med samanslåinga vart det gjennomført vedlikehald:
    • Maling av veggar i ungdomsskuledelen
    • Oppgradert dør med automatisk lås
  • I tillegg er det trådlause nettet oppdatert, etter tidlegare planar for oppgradering på skulen.
  • Det har blitt arbeid svært godt for å finne optimale løysingar.
leikestativ - Klikk for stort bilete

 

Sande skule

  • 1.-4. trinn på Flatene skule
  • 5.-7. trinn på Sande tenestetorg/brakke
  • 8.-10. trinn lokalisert til deler av Sande skule

Prosjektet held framdrifta etter tidsplanen.

Det er avdekka to tilhøve i byggprosessen:

  • Asbest sanering
  • Fukt i betongvegg

Det gir ein auka kostnad, men det blir arbeidd for å løyse desse utfordringane innafor ramma.

Det er ikkje avsett midlar i prosjektet til uteområde.

skulebygg - Klikk for stort bilete

 

Økonomi

  • Prosjektrekneskapen er ikkje klar, men viser ikkje større avvik. Samla sett er Halbrend skule og Førde ungdomsskule i balanse per september.
  • Effekten av tiltaka (Innsparing/omstilling) er innarbeid i ressursmodellen når det gjeld effekt av strukturendringar. Budsjettjustering 5/12 frå skuleåret gir ein samla effekt i 2026 på 9 MNOK. Heilårseffekt frå 2027.
  • Ungdomsskulebygget på Vassenden er ikkje seld, og det er difor knytt nokre driftsutgifter til bygget.
  • Flatene skule blir delvis brukt og det påverkar driftskostnadane knytt opp mot Sande skule.
  • Kommunedirektøren kjem tilbake med konkrete tal i tertialrapporten.

 

 

Les meir om kvalitet og kapaistet i Sunnfjordskulen 

Kontakt

Profilbilde av Åge Ansgar Stafsnes
Åge Ansgar Stafsnes
Kommunalsjef for skule
Telefon 57 02 12 18