Sjå orientering i formannskapet 23. oktober 2025
Presentasjon vist i formannskapet 23. oktober 2025
Bakgrunn for saka
Kommunen fekk tilbakemeldingar frå innbyggarar om at reinseanlegga som vart godkjende og bygde, var dyrare enn nødvendig.
Kommunedirektøren bestemte at alle søknadar om løyve til utslepp av avløpsvatn frå bustader og fritidsbustader for 2020–2023 skulle gjennomgåast.
Uavhengig gjennomgang av saksbehandling av mindre avløpsanlegg i Sunnfjord kommune
Målet med ny gjennomgang var å undersøke om krava i utsleppsløyva var strengare enn forureiningsregelverket krev, eller om de medførte unødvendig høge kostnader.
Asplan Viak analyserte sakene, og rapporten blei presentert i kontrollutvalet 2. juli 2024.
Dei vurderte 61 saker fordelt på ulike typar anlegg, sjå bilde frå presentasjonen.
Ansvarsfordeling i søknad om utsleppsløyve etter forureiningsforskrifta
-
Tiltakshavar
Tltakshaver er den ansvarlege for utsleppet og drift av anlegg.
Tiltakshavar bør tidlig i søknadsprosessen knytte til seg ein nøytral fagkyndig.
-
Nøytral fagkynding
Val av løysing skal bli gjort av nøytral fagkyndig, for å få ei best mogleg eigna reinseløysing ut frå; naturgitte og miljømessige forhold, brukarinteresser og økonomi.
-
Kommunen
Kommunen har plikt til å rettleie innbyggaren om korleis dei kan søke om løyve og kva dokumentasjon som er nødvendig, og at dei må kontakte nøytral fagkyndig. Kommunen behandlar søknaden.
Konklusjon frå Asplan Viak
Blant dei 61 sakene viser undersøkingane at infiltrasjon kunne vore ei fullgod og rimelegare løysing i 13 tilfelle, men vart ikkje vald.
Resultata av intervju viser at det er fire ulike prosjekterande/-nøytrale fagkyndige og åtte tiltakshavarar som svarer at dei fekk direkte munnleg tilbakemelding frå saksbehandlar om at det måtte bli vald minireinseanlegg for å få godkjent avløpsløysning. Asplan Viak konfronterte kommunen med dette og tilbakemelding var at det «Det ligg ikkje føre notat/referat som kan avklare kva råd/rettleiing som har vore gjeve frå kommunen via telefon/munnleg i dei aktuelle sakene. Aktuelle sakshandsamarar hjå oss kjenner seg ikkje att i det som vert påstått. Det vert vist til at det er gjeve utsleppsløyve til slike løysingar ved fleire høve (gjennom heile den aktuelle perioden f.o.m. 2020 t.o.m. 2023)».
Asplan Viak identifisert vidare krav som dei meinte ikkje hadde tilstrekkeleg grunnlag i regelverket:
- Fast krav om etterpolering for alle anleggstypar
- Krav til salsikringskum mellom slamavskiller og støtbelaster (pumpekum) i infiltrasjonsanlegg
- Krav til årleg prøvetaking for alle minireinseanlegg.
Asplan Viak konkluderer med behov for at kommunen evaluerer krav som blir stilt, styrke rettleiing, kompetansenivå og grunnlag for å fastsette utsleppskrav. Asplan Viak peiker også på at utarbeiding av VA-norm vil kunne vere eit viktig tiltak for å fastsette retningslinjer og vilkår for mindre avløpsanlegg.
Når det gjeld dei nøytrale fagkyndige og prosjekterande peiker Asplan Viak på at i ingen av dei 13 sakene der dei konkluderte med at infiltrasjon var egna, så har nøytrale fagkyndige gitt en vurdering/tilbakemelding på at det faktisk var egna for ordinært infiltrasjonsanlegg. Det er vidare peika på at det er manglande dokumentasjon og evaluering av nøytralitet hos enkelte av dei nøytrale fagkyndige.
Asplan Viak evaluerte også tiltakshavarar og peiker på at det er eit fåtall av tiltakshavarar som har satt seg godt inn i rolla som ansvarleg søkar i søknad om utslepp. Asplan Viak meiner fleire burde undersøkt nærmere om sitt ansvar som ansvarlig søker. Dersom fleire hadde opparbeida seg kunnskap om val av løysninger, som til dømes ligg på www.avlop.no, trur vi det ville vore fleire som hadde fremma ønske til nøytrale fagkyndige og/eller kommunen om at det burde vore vurdert nærare om infiltrasjon kunne bli vald.
Dette har kommunen gjort for å sikre betre saksbehandling
Kommunen har styrka arbeidet med utsleppsløyve for mindre avløpsanlegg (<50 pe) ved å tilsette fagkoordinator, innføre nye rutinar og malar for sakshandsaming, og ansvarleggjere søkar og nøytral fagkyndig.
Ny prosedyre tydleggjer at kommunen gir løyve til den løysinga det vert søkt om, dersom den oppfyller reinsekrava.
Det er også gjennomført dialogmøte med bransjen for å klargjere forventningar og sikre betre forståing av kommunen si rolle og praksis.
Administrasjonen har gått gjennom 81 utsleppsløyve gjevne i perioden 2020-2024
Av desse er det gjort 38 endringsvedtak på vilkår i løyva basert på klager eller ny vurdering av at vilkåra var urimelege eller mangla grunngjeving Dei fleste av endringane var fjerning av krav som:
- Årleg prøvetaking og analyse av fosfor, totalt nitrogen og organisk materiale (TOC) for minireinseanlegg
- 24 t utrykkingskrav ved feil på minireinseanlegg
- Krav om innsending servicerapportar for minireinseanlegg
- Krav om tilsynsavtale og årleg rapportering for infiltrasjonsanlegg
Kommunen har òg teke bort generelt krav om etterpolering for minireinseanlegg, men set krav som sikrar mot smittefare og lukt
Sakshandsaming
Ansvarleggjere nøytral fagkynding etter krava i § 12-10 i forureiningsforskrifta om dokumentasjon
- Det er opp til nøytral fagkynding å tilrå søkjar kva avløpsløysing som er best eigna (t.d. minireinseanlegg eller infiltrasjonsanlegg)
- Kommunen skal rådgje om regelverk og krav, men skal ikkje vere konsulent for val av avløpsløysing eller utarbeiding av søknad
- Det er opp til nøytral fagkynding å tilrå søkjar kva avløpsløysing som er best eigna (t.d. minireinseanlegg eller infiltrasjonsanlegg)
- Kommunen skal gjennomføre mottakskontroll, og gje rask tilbakemelding på eventuelle manglar
Bransjemøte med avløpsbransjen 4. april 2025 (14 verksemder deltok)
Formål med møtet – Kommunen sine forventingar til bransjen, og bransjen sine forventningar til kommunen - 14 verksemder deltok
- Innhaldet i prosedyre og malar vart presentert og drøfta i møte med bransjen 4. april 2025
- Vektlagt å ansvarleggjere nøytral fagkyndig
- Grensesnittet utsleppsløyve og byggeløyve
Utsleppsløyve
- Kommunen skal gje løyve som omsøkt, føresett at søknaden stettar krava for utsleppsområdet
- Utsleppsløyva skal innehalde alle krav som er sett, som reinsegrad, storleik (personekvivalentar – pe), tømmefrekvens for slam, krav til serviceavtale for minireinseanlegg m.m.
- Alle vilkår i utsleppsløyva skal grunngjevast.
- Døme er strengare reinsekrav grunna drikkevassuttak nedstraums, badeplassar, sårbar resipient m.m.
Status
Alle søknadar vert no handsama etter det nye retningsliner
Sjå utfyllande svar i notat frå kommunedirektøren til kontrollutvalet 10. oktober 2024
Slik har kommunen følgt opp dei som krev erstatning
Kommunen hadde motteke ni klager/krav om erstatning som tok utgangspunkt i kommunen sin saksbehandling av søknader om utslepp. Kommunen sendte eit likelydande brev til alle tiltakshavarar med søknadar frå gjennomgangen til Asplan Viak. Ved utløp av fristen hadde kommunen motteke 24 erstatningskrav.
Det er reglane for erstatning som er ramma for når innbyggarar vil kunne kreve kompensasjon for feil dei meiner kommunen har gjort. Erstatningsreglane gjeld generelt, og at kommunen forheld seg til desse sikrar likebehandling.
Kommunen har teikna ansvarsforsikring hos Gjensidige, og det er dei som behandlar påståtte krav mot kommunen som vil kunne falle inn under forsikringa. Gjensidige nytta Advokatfirmaet Kogstad Lunde & CO i desse sakene. Dei har vurdert om kommunen er erstatningsansvarleg etter norsk erstatningsrett.
- Gjensidige har behandla 19 av dei 24 krava. Dei har ikkje funnet rettsleg grunnlag for erstatning.
- Det er to saker Gjensidige har avslått fordi det ikkje er satt fram eit konkret krav om erstatning.
- Det er tre saker som ikkje er omfatta av forsikringsavtalen og som kommunen har behandla sjølv. Dei vil bli svart ut innan kort tid.
Konklusjonen frå forsikringsselskapet i sakene er at det ikkje er rettsleg grunnlag for erstatning. Det er 24 ulike saker, men sentrale punkt i grunngjevinga er:
- Det er tiltakshavar som i lag med nøytrale fagkyndige som har vald løysinga det er søkt om og som kommunen har godkjent.
- Kommunen har eit vidt skjønn etter forureiningsregelverket og krav som er stilt er sakleg grunngjeve og ikkje uforholdsmessige.
- Andre moment:
- Det ligg ikkje føre eit økonomisk tak i erstatningsrettsleg samanheng
- Enkelte har ikkje satt fram eit økonomisk krav
- Enkelte av krava som er satt fram er uansett forelda
Sentrale punkt i vurderingane:
Føremålet med reglane om avløpsanlegg i forureiningsforskrifta er å beskytte miljøet og folkehelsa mot forureining. Det er kommunen som har forureiningsmynde og skal behandle søknader og kan stille vilkår til utsleppsløyve.
Forureiningsforskrifta oppstiller minstekrav til utslepp av sanitært avløpsvatn. Dette betyr at kommunen ikkje kan stille mindre strenge krav til tiltakshavarar som ønsker å bygge privat avløpsanlegg.
Etter forureiningsforskrifta kan kommunen likevel stille strengare krav til utslepp en det som følger av minimumskrava. Her har kommunen eit vidt skjønn. Så lenge krava er grunngitt sakleg og ikkje er uforholdsmessige vil krava vere lovlege.
I rapport frå Asplan Viak blir det peika på at kommunen har stilt strengare krav til avløpsanlegg enn minstekrava i forureiningsforskrifta ved å krevje etterpolering der det er vald minireinseanlegg, årleg prøvetaking, krav til slamsikringskum og krav om innmåling.
Krava som kommunen har stilt er altså strengare enn minstekrava i forureiningsforskrifta, men ei vurdering opp for forureiningsregelverket viser at det er rettsleg grunnlag, dei er sakleg grunngjeve, ikkje uforholdsmessige og lovlege. Dette gjer at vedtaka er gyldige og det ligg ikkje føre erstatningsansvar.
I den eine av dei tre sakene som no er behandla, er det kravd erstatning fordi tiltakshavar meiner eit infiltrasjonsanlegg ville oppfylt minstekrava til forureining i forureiningsforskrifta, og det er påstand om at kommunen stilte krav om minireinseanlegg.
I ei sak om bygging av avløpsanlegg er det fleire partar involvert:
- Det er ein ansvarleg eigar/tiltakshavar som er ansvarleg for utsleppet og som skal drive anlegget.
- I prosessen med å søke og bygge anlegget skal ein tiltakshavar få bistand frå ein nøytral fagkyndig og ansvarleg prosjekterande (kan vere same person). Den nøytrale fagkyndige skal ha relevant kompetanse og skal bistå tiltakshavar med val av reinseanlegg og dokumentasjon av løysinga.
- Det er ein ansvarleg utførande som skal sikre at bygging av anlegget er kvalitetssikra og i samsvar med prosjekteringsgrunnlag.
I saka som no er behandla er det ved vurderinga av kravet lagt vekt på at tiltakshavar har vore bistått av ein nøytral fagkyndig som etter ei samla fagleg vurdering har anbefalt og søkt om godkjenning av minireinseanlegg.
Enkelte har ikkje sett fram eit konkret økonomisk krav.
Enkelte krav er forelda.
Det er også trekt fram at det ikkje ligg føre eit økonomisk tap i erstatningsrettsleg samanheng. Tiltakshavarane har investert i reinsesystem dei sjølv har blitt eigarar av. Dette blir ikkje rekna som eit økonomisk tap i erstatningsrettsleg samanheng. Dette gjeld óg framtidige utgifter til drift og vedlikehald.
Notat presentert i formannskap 15. mai 2025
Utfordringar framover
Det er ei nasjonal målsetjing om oppgradering av avløpsanlegg med siste frist 2033. For Sunnfjord kommune gjelder dette om lag 2200 avløpsanlegg (kap. 12 anlegg)
- I underkant av 100 anlegg med utsleppsløyve frå Sunnfjord kommune
- Estimat 200-300 sporbare utsleppsløyve frå samanslåingskommunane frå åra 2007-2019
- Resten av avløpsanlegga treng nye løyve, og dei aller fleste av desse avløpsanlegga treng oppgradering
- Det vil seie kring 1800-1900 avløpsanlegganlegg på 8 år (2026-2033)
Sjå viktige dokument i saka