Nytt frå kommunedirektøren 27. oktober 2023

Elevane i Sunnfjord stod for ein kjempeinnsats under TV-aksjonen. Er du førebudd om det kjem ei krise? Bruopning på Vassenden. Oddvar Torsheim fyller 85 år. 10. klassingar i hospitering.

Barn spring for TV-aksjonen - Klikk for stort bilete Sunnfjord kommune

Takk til Sunnfjordskulen

Eg er verkeleg stolt om dagen. Stolt over mange ting, men nett no tenker eg på TV-aksjonen. Eg tenker på skulane i Sunnfjord kommune som har vist stort engasjement og samla inn til saman over 280 000 kroner til årets aksjon. Aksjonen går i år til Redd Barna og deira arbeid for barn i krigsramma land.

Sande skule har jobba på i lang tid med både aktivitetskveld og stafett. Dette resulterte i om lag 85 000 kroner. På Sunde skule sleit dei asfalten ekstra i samband med TV-aksjonen. Runde på runde sprang dei og over 95 000 kroner samla dei inn. Applaus. Les om TV-aksjonen på Sunde skule

Eg vil også sende ein applaus til næringslivet i kommunen som har hatt ringerunde og samla inn 395 000 kroner. Den totale summen for Sunnfjord er 1 668 000 kroner. Fantastisk. Dette er 300 000 meir enn i fjor. Å du, det er faktisk ikkje for seint å gje. Du kan framleis vipse til 2133, og du vil bli registrert som gjevar frå Sunnfjord kommune.

Sjå resultata frå innsamlinga i Sunnfjord

Eg har vore i to konfliktar. Somalia og Kosovo. Har sett korleis barn lir når dei vaksne tyr til våpen og krigar. Det er eit helvete på jord. Nett no skjer det blant anna i Ukraina og Gaza. Difor er eg ekstra stolt over å vere kommunedirektør i ein kommune der skuleborna gjer så mykje for andre barn som verkeleg treng hjelp. Det vitnar om unge som forstår verda dei veks opp i. Det lovar godt at det er med nettopp dei vi skal tanke opp vårt eige demokrati.

Slik blir du betre førebudd på krise

Tema for årets utgåve av Eigenberedskapsveka er ØVE. Eg oppfordrar alle tilsette og innbyggjarar til å øve og ta nødvendige grep for å styrke eigenberedskapen.

Den landsomfattande Eigenberedskapsveka 2023 blir gjennomført frå måndag 30. oktober til søndag 5. november. På sikkerhverdag.no ligg fire enkle øvingar som alle kan gjennomføre på mobilen. I tillegg blir det her gitt mange gode tips til korleis ein kan få dekt grunnleggjande behov i ein krisesituasjon.

Du er ein del av beredskapen i Norge Ved store hendingar og kriser som rammar mange, kan ikkje alle få hjelp med ein gong. Då må styresmaktene prioritere hjelp til dei som treng det mest.

Det vil seie at mange innbyggjarar må vere førebudde på å måtte klare seg sjølve i nokre dagar ved straumbrot, viss dei mistar tilgangen på reint drikkevatn, telefonnettet/Internett er nede – eller det blir vanskeleg å kome seg ut for å handle. – Ved å vere førebudd bidrar du til at dei som treng det mest, får hjelp først i ein eventuell krisesituasjon. På den måten er du ein del av beredskapen i Norge. Heile Noreg øver. Øving gjer meister. Det gjeld også for krisehandtering.

Snakk med dei rundt deg om kva som kan skje, og korleis de skal handtere det. Øving skaper medvit og gir kunnskap og trening. Det gjer at vi står betre rusta til å kome oss gjennom små og store kriser.

Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB) anbefaler alle husstandar i landet å styrkje eigenberedskapen sin. Eigenberedskapsveka blir arrangert av DSB i samarbeid med kommunar, statsforvaltarar og sivilforsvarsdistrikt over heile landet.

So vart brua opna

Ordførar klipper snora under bruopning - Klikk for stort bilete Sunnfjord kommune

Førre fredag tok eg turen saman ordføraren til bruopning på Vassenden. På ein kald, men solfylt fredags ettermiddag hadde mange møtt opp for å markere bruopninga. Det har jo vore forventingar om at brua skulle ha vore opna tidlegare. Men, det får vere historie no. Det er Jølstra Kraft AS som har bygd brua som del av bygging av kraftverket ved Jølstra.

Eg tenker anlegget er flott og slik sett føyer seg fint inn i rekka av fleire aktivitetsmoglegheiter i området. I eit avgrensa geografisk område har du no høve til stå på ski i Bjørkelia, spele golf og gå turar i eit landskap der brua fører deg inn i eit nytt og større turområde. Det ligg også både skule og barnehage i nærleiken. Det er rett som Sverre Gjesdal sa til avisa Firda i samband med opninga; det er so viktig at det skjer noko i heile kommunen. Det har han rett i. No skjedde det på Vassenden. Slik tar vi heile kommunen i bruk. Gratulerer med brua og bruk ho godt!

I neste veke feirar vi Oddvar Torsheim

Feiring av Oddvar Torsheim - Klikk for stort bilete Sunnfjord kommune

2. november fyller Oddvar Torsheim 85 år. Kommunen skal markere det. I går opna ei eiga kunstutstilling med Oddvar sine bilete. Vil du sjå dei må du ta turen til Kunstmuseet. På sjølve dagen vil det bli skipa til ei festframsyning i Førdehuset. Det er gratis inngang, men billettar må tingast på vanleg vis via Førdehuset. Der vil ordføraren stå som vertskap og det vert før-premiere av dokumentarfilmen om Oddvar Torsheim. Filmen har fått den flotte tittelen Idear frå Gud, djevelen og dei fire verdshjørna. Det vert også song og musikkinnslag. Kulturredaktør i Bergens Tidende Jens Kihl vert konferansier. Etter at vi er ferdig i kinosalen vert det napoleonskake og kaffi i festsalen.

Elevar på 10. trinn i hospitering

10. trinn på hospitering - Klikk for stort bilete Sunnfjord kommune

Måndag og tysdag denne veka var kommunen sine vel 290 elevar på 10. trinn i hospitering på vidaregåande skule. Dei fleste brukte dagane til å prøve ut aktivitetar på eit utdanningsprogram på Førde vidaregåande skule., men nokon få har reist og besøkt andre vidaregåande skular som Sogndal, Firda, Dale, Eid og Sygna.

Hospiteringa er ein del av opplegget i faget utdanningsval som ligg i fylkeskommunen sitt årshjul for Vestland Nord.

Plan for helga?

Dersom du ikkje har bestemt deg for kva du skal bruke helga til, kan du kanskje få ein idé ved å sjå gjennom ulike kulturhendingar og anna som skal skje. Her kan du i alle fall sjå gjennom aktivitetskalenderen!

 

God helg til alle!

Terje Heggheim

Kommunedirektør

Kontakt

Profilbilde av Terje Heggheim
Terje Heggheim
Kommunedirektør
E-post
Telefon 91 10 12 66