Sunde skule sleit asfalten litt ekstra.

Fredag 20.oktober presis kl. 11:25 gjekk startskotet for TV-aksjonens skuleløp 2023 på Sunde skule. 

Vi hadde  ei rute rundt skulen der 1.-4. klasse skulle springe/gå i 30 minutt og 5.-7. klasse i 45 minutt. I vekene før har elevar spurt foreldre, besteforeldre, tantar og onklar om dei var villige til å stille som sponsor. Ei runde, valfritt beløp, den totale summen skulle innbetalast på Spleis. 

Dette har vi aldri vert med på før, det var nytt og spennande. Startskotet gjekk og jublande elevane la på sprang. Runde etter runde sleit dei asfalten rundt skulen litt ekstra. Om dei vart slitne? Røde i kjakane og tunge i pusten runda dei skulen gang etter gang. Jau, dei vart godt slitne, men dei gav seg ikkje.   

Dette gjorde vi for å hjelpe andre, og elevane var veldig engasjerte, kanskje spesielt fordi  pengane skulle gå til  Redd barna sitt arbeid for å hjelpe barn råka av krig og konflikt. 

Og med eit utgangspunkt på å nå 3000 kr på spleisen er vi no heilt overvelda over at det er kome inn i over kr. 95000. Vi sender ein stor takk til alle sponsorar av løpet og til krinsen Sunde som støtter opp om tiltaket. 

Bilde av barn som spring - Klikk for stort bilete Sunde skule