Nytt frå kommunedirektøren 27. januar 2023

I denne utgåva av Nytt frå kommunedirektøren kan du lese litt om den positive utviklinga i Sunnfjord. Ikkje minst at det nyttar å invitere til ein dugnad med å skaffe bustader til flyktningane som kjem til kommunen vår. Det er også stor interesse for å vere med på arbeidet med Sande skule. Så er det kjekt å skrive om at kulturskulen vår utmerkar seg nasjonalt. Til slutt kan du lese at medlemane i Ungdomsrådet opplever at dei får gjennomslag.

Ti vil prosjektere Sande skule

Som kommunedirektør blir eg glad når det er konkurranse om å få vere med på kommunen sine byggeprosjekt. Som de veit skal vi gripe fatt i å få ein ny skule på Sande. Nokon må teikne den. Dette er spennande fordi vi gjennom eit forprosjekt skal finne den beste totale løysinga med omsyn til design, brukarar, miljø og berekraft og økonomi. Det er også spennande fordi vi ønskjer ombruk av materialar i eit berekraftperspektiv. Med andre ord; eit grønt prosjekt. No er vi midt i ein konkurranse om kven arkitektar som skal teikne skulen.

Det er stor interesse rundt prosjektet. Vi har motteke 10 tilbod som prosjektleiar Marika Peterson no går gjennom. «Det er veldig kjekt å sjå så stor interesse frå næringa i konkurransen. No er det fullt fokus på å evaluere tilboda slik at vi kan starte opp samarbeid med forprosjektet i februar.» seier Marika. Lykke til med det spennande arbeidet

Framtidas kulturskule - Sunnfjord kommune utmerkar seg nasjonalt

Framtidas kulturskule - Klikk for stort bilete Norsk Kulturskuleråd

Som ein av tre utvalde kommunar fekk Sunnfjord kommune halde eit innlegg på den nasjonale konferansen om framtidas kulturskule på Deichman bibliotek i Oslo tidlegare i veka. Ei lang rekke kommunar var representert, der både leiaren i KS og Kulturskulerådet var til stades, saman med statssekretæren Kultur- og likestillingsdepartementet.

Kulturskulen i Sunnfjord har vore med i ei nasjonal satsing med å utvikle framtidas kulturskule, der samskaping på tvers av sektorar har stått i fokus. I Sunnfjord har Kulturskulen samarbeidd med skule- og barnehagesektoren om eit konkret prosjekt med tittelen «Frode laks», der målet er å lette borna sin overgang frå barnehage til skule. I prosjektet er kunst og kultur i fokus; songar, regler, leikar og nynorsk språk står sentralt. Alle skular og barnehagar i kommunen har fått ei «Frode Laks»-veske med aktivitetskort, bøker og Frode laks-kosebamse! Prosjektet har fått god mottaking blant ungar og tilsette i barnehagane og skulane så langt.

Utvalsleiar Rune Hegrenes, kommunalsjef Hilde Bjørkum og kulturskulerektor Trude Skarvatun sto for innlegget på den nasjonale konferansen, og fekk svært gode tilbakemeldingar. Eg meiner metodikken med samskaping og røynslene som er gjort med å nytte kultur inn i tenestutviklinga gjerne kan overførast til andre fagområde. Det er kjekt å vere kommunedirektør når det vi arbeider med blir lagt merke til på ein så positiv måte.

Leve heile livet i Sunnfjord

«Leve hele livet – en kvalitetsreform for eldre» som skal sikre ein ny og berekraftig politikk slik at alle innbyggarar skal få ein trygg og god alderdom. Det handlar både om betre tenester og tilbod, men ikkje minst om eit samfunn der eldre får brukt sine ressursar. NRK sine reportasjar i det siste og debatten på same kanal i går kveld, viser at ei slik reform er nødvendig. Også i Sunnfjord.

Eldre skal få høve til å meistre eige liv der dei bur – heile livet! I løpet av februar legg Sunnfjord kommune ut planen «Leve heile livet i Sunnfjord – plan for omsorg 65+» på høyring. Her ønskjer vi å vise korleis vi kan skape gode kvardagsliv for dei eldste innbyggarane våre. Hovudmålet for planen er: «Saman skal vi jobbe for at innbyggarar over 65 år i Sunnfjord kommune får mange gode leveår der dei har god helse, opplever å ha god livskvalitet og i større grad meistrer eige liv».

Vi ynskjer å ha engasjerte eldre som sjølv deltek i planlegging av eigen alderdom og utforming av omgjevnadane rundt seg, at innbyggarar som ynskjer det skal få bu lengst mogeleg i eigen heim, at dei har ein aktiv kvardag og at våre pårørande opplever at dei får støtte og avlastning for arbeidet dei gjer for sine næraste. Planutkastet vert lagt ut på heimesidene våre og det er mogeleg for alle å kome med innspel til planen. Vi tar gjerne i mot ditt!

Helse Førde med i dugnaden for flyktningar

Tidlegare skreiv eg om at vi skal ta i mot 160 flyktningar i år. Eg nemnde også at vi skal klare å dimensjonere dei kommunale tenestene, slik at vi gir dei som kjem gode tenester. Samstundes peikte eg på ei utfordring. Bustader. I tida som kjem vil vi ha behov for mange bustader i heile kommunen. Difor er det kjekt at Helse Førde tok den utfordringa på strak arm. Dei ringte meg og sa at dei kan stille 15 bustader til disposisjon. Det syns eg er flott og takkar for det!. Vi tar gjerne i mot fleire om det skulle vere nokon som har noko å leige ut.

Førde ungdomsskule

Utbetringa etter brannen ved Førde ungdomskule vart omfattande og har teke lengre tid enn det vi trudde tidlegare. Eg opplever at tilsette og elevar har vore tolmodige og tilpassa seg utfordringane med bygget på ein svært god måte. No byrjar vi å klargjere området rundt aulaen, det gjer til at vi kan bruke fleire klasserom. Målet er å få alle trinn på plass etter vinterferien og at arbeidstilhøva til dei tilsette blir betre. I tillegg er det sett opp toalettbrakker slik at kapasiteten blir auka og avstandane til toalett blir redusert. Eg vil takke kvar og ein som står på til beste for alle ved skulen!

Mot avklaring i to store vegprosjekt

Kommunedelplanen for vegprosjektet med å rassikre strekninga Erdal – Naustdalstunnelen held fram. Her er det varsla to motsegner til det alternativet Statens vegvesen og kommunen ønskjer å realisere, tunnel frå Erdal til Jarane med kopling til eit nytt innløp i

Naustdalstunnelen. Den løysinga har Statsforvaltaren og NVE varsla motsegn mot. Målet er å gjennomføre dialogmøte mellom partane i saka i løpet av februar.

Det andre store vegprosjektet vi vil prøve å få avklart så snart som råd er E39 Storehaugen-Bruland. Her vil vi vi gjennom dialog med statsforvaltaren ha som mål om å kunne gjere vedtak i saka i kommunestyret 16. februar.

Spennande utvikling på Moskog?

Kart over Moskog - Klikk for stort bilete Kartutsnitt Sunnfjord kommune

I julehelsinga frå ordføraren og meg skreiv vi blant anna om den utviklinga som skjer i kommunen generelt. Vi lista fleire av dei store prosjekta, også Sunnfjord næringspark. Men, kva skjer eigentleg på Moskog?

Det vert blant anna planlagt om lag med 300 dekar til næringsføremål på begge sider av Jølstra. Det første feltet på vestsida av elva, har fått namnet K1, og er no ferdig utbygd. Er det slik at vi må ut og leite etter nokon som vil etablere seg i industriparken? Nei, vi har blitt kontakta av mange interessentar, og så langt har tre aktørar etablert seg i dette feltet. I tillegg er vi i sluttforhandlingar med ytterlegare tre. Om ikkje det var nok; vi forhandlar med ytterlegare tre til. I beste fall kan denne delen av parken, vere fullt utbygd og etablert med nye verksemder i løpet av året. Det er verkeleg utvikling.

Ingen kan etablere industri og næring utan vatn- og avløpsleidningar. Det har vi fått på plass i eit strekk frå Farsund langs E39 til Moskog. Vi har også bygt eit høgdebasseng for vassforsyninga. Det ligg no i lia ovanfor Moskog.

Det skjer også mykje på andre sida av elva. Vi skal bygge ut tre større felt. Før vi kan sleppe til bedriftene sine etableringar, må vi føre fram vatn- og avløpsanlegg, gang- og sykkelveg med bru over Jølstra – og ikkje minst, elles godt utbygd infrastruktur.

Store delar av dei massane vi nytter til å bygge industriparken kjem frå kraftanlegget til Jølstra Kraft . I eit klima- og miljøperspektiv snakkar vi altså om verkeleg kortreist bygningsmasse. Det er viktig. Sunnfjord næringspark kan bidra meir til det grøne skiftet.

Vi har saman med kraftselskapet Eviny sett på kva miljøvenlege løysingar vi kan få med den krafta som verksemdene i parken vil ha behov for. Då er fokuset på fornybar energi. Saman

med vatn, knutepunkt for breiband og sjølve plasseringa ved E39 og fylkesvegen, kan verksemdene verkeleg velje grøne løysingar. Dette vil vi om kort tid presentere for dei folkevalde.

Møte med ungdomsrådet

For kort tid sidan hadde eg gleda av å møte alle medlemene i Ungdomsrådet. Dei gjer ein god jobb. Det er viktig med tanke på at vi over heile landet slit med å rekruttere til politikken. Difor er ungdomsråd og tilsvarande politiske verksemder viktige – det er dei vi skal tanke opp demokratiet med.

Dersom vi ser på sakene som er handsama i ungdomsrådet, ser vi også at dei har fått gjennomslag. I budsjettsaka før jul, følgde kommunestyret opp to av dei innmeldte sakene frå rådet. Tidleg i desember peikte rådet på at arbeidet med å prosjektere Førdehuset må halde fram. Det same gjeld utbetringa av uteområda ved skulane. Kommunestyret vedtok nettopp dei to.

I møtet hadde Ungdomsrådet oppe ei sak der kommunen skal prioritere nokre søknader som skulle vidare til handsaming i Barne, ungdoms- og familiedirektoratet. Medlemene hadde ei god drøfting, og det vart fremma alternative forslag til kommunedirektøren si innstilling. Eg syns rådet jobbar godt, og som leiaren; Wiktoria Bujnicka sa så godt; «no ser vi at det nyttar å påverke»

God helg til alle!

Terje Heggheim
Kommunedirektør Sunnfjord kommune

Kontakt

Profilbilde av Terje Heggheim
Terje Heggheim
Kommunedirektør
E-post
Telefon 91 10 12 66