Nytt frå kommunedirektøren 24. februar 2023

I dag kan du lese om kva opplæring nye leiarar i kommune får. At E39 betyr mykje for framtida til kommunen og Førde som regionsenter. Om at kommunen arrangerer informasjonsmøte om Snøheia industrikraft. Korleis arbeider vi med skulefråværet? Til slutt, å rehabilitere Førde ungdomsskule vert omfattande.

Korleis lærer vi opp nye leiarar i kommunen?

Opplæring av nye einingsleiarar - Klikk for stort bileteOpplæring av nye einingsleiarar Sunnfjord kommune

I Nytt frå kommunedirektøren 13. januar i år skreiv eg at vi hadde tilsett tre nye einingsleiarar. Stein Mortensbakke i SYS/IKT, Bjørn Henning Solheim for Førde bu- og miljøteneste 2 og Karete Kvamme i Kjøkkentenesta. No har alle tre byrja i stillingane sine. Tysdag denne veka var dei samla til opplæring for nye leiarar. Kva lærar dei eigentleg då?

For det første handlar det om at vi må ha ei runde om kva vi forventar av nye leiarar i kommunen. Då går vi gjennom korleis vi er organisert administrativt så vel som politisk. Kva leiarprinsipp legg vi til grunn? Kva seier dei etiske retningslinene? Vi ser også på det overordna planverket, styringssystem, handlingsplanar og korleis vi skal dokumentere det vi gjer. Til slutt i denne bolken går vi gjennom forventning til leiarane og korleis dei er nedfelt i ein leiaravtale.

Rådhuset og alle tilsette i Sunnfjord forvaltar 2,3 milliardar kroner på vegner av innbyggarane. Difor er økonomi eit eige og viktig tema. Det er den andre bolken i opplæringa. Alle tilsette skuldar å bruke kronene på ein fornuftig og berekraftig måte. Å snu kronene kan vere eit slitt uttrykk, men det betyr faktisk at vi får gjort meir. Tema i denne bolken handlar difor om korleis vi arbeider med økonomiplan og budsjett i kommunen. Korleis og kor ofte lagar vi rapportar? Kva må leiarane gjere då? Kva reglar gjeld for innkjøp?

Kva gjeld for rekneskap og løn i kommunen. Dei nye leiarane har mange tilsette. Er utbetaling av løn rett, fører vi det rett?. Kven kan nye leiarar kontakte når dei har spørsmål om slikt? Det er tema i den tredje delen.

I dag driv alle norske kommunar meir og meir digitalt. Sunnfjord er vertskommune for IT-samarbeidet i åtte kommunar. Då snakkar vi om mange ulike fagprogram, korleis vi loggar inn i dei, korleis vi får hjelp når vi treng det. Det er også ein del av opplæringa av leiarane.

Det er innhaldet første dag på skulebenken. Torsdag i neste veke vil dei møte til del 2 som tar føre seg personaladministrasjon ved gjennomgang av personalhandbok, HMS- handbok og kommunen sin beredskapsplan. Vidare vil vi ha fokus på kva serviceavdelinga kan støtte dei nye leiarane. Det handlar om dokumenthandtering, arkiv, innkjøp og informasjon.

Til slutt handlar opplæringa om bruk av elektroniske hjelpemiddel.

Viktig konferanse om E39 i neste veke.

I førre veke vedtok kommunestyret reguleringsplanen for E39 strekninga Storehaug-Bruland. Då har kommunen lagt til rette for bruk av arealet som er naudsynt for å kunne bygge vegen. Vi må likevel arbeide vidare med å sikre pengar både til denne strekninga og seinare trasear av ny E39. Det er nedsett eit eige E39 utval der Jenny Følling er leiar. I utvalet sit også kommunane der vegen går i dag. Store landsdekkande organisasjonar som NAF, LO , NHO og NLF (Norges lastebileigarforbund).

Utvalet inviterer til konferanse torsdag i neste veke og vil ha fokus på korleis vi kan sikre oppstart og framdrift for utbygging og framdrift av E39 i Sogn og Fjordane og på Vestlandet.

Møtet finn stad 1. mars på Scandic Sunnfjord Hotel i Førde. Der vil kommunar og andre aktørar delta for å skape forståing for og påverke sentrale myndigheiter til å prioritere E39 i komande Nasjonal transportplan (NTP).

Her deltek blant anna samferdselsminister Jon-Ivar Nygård og fylkesordførar Jon Askeland.

Eg meiner ny E39 er avgjerande for å nå dei langsiktige måla vi har for kommunen vår. Det vil styrke kommunen generelt, også nabokommunane, men spesielt vil ein ny europaveg styrke Førde som eit regionalt senter i vår del av det nye fylket. Difor er konferansen viktig som ledd i å sikre oppstart av Hafstadfjell-tunnelen og ein oppgradert E39 på utvalde strekningar gjennom Sogn og Fjordane. Å gjere vegen betre vil i tillegg gje store nasjonale effektar for næringsutvikling og verdiskaping.

Informasjonsmøte om vindkraft

Eg ønskjer meir kunnskap om vindkraft. Eg er sikker på at eg ikkje er åleine om det. Vindkraft reiser spørsmål om vi skal ta i bruk flotte naturområde for å nå måla om fornybar energi. Spørsmålet utløyser mobilisering, både av dei som vil slik utbygging, og dei som ikkje vil.

Høyanger og Sunnfjord vert truleg dei første kommunane i landet som må handsame søknader om vindkraft etter nye lover. Vi snakkar om Snøheia industrikraft.

Kommunestyret fekk orientering om Eviny og Hydro sine planar i førre veke. No skal kommunen arrangere eige informasjonsmøte om dei planane.

Førstkomande onsdag, 1. mars, vert det skipa til informasjonsmøte i Gaularhallen på Sande. Der får både tiltakshavar og dei som er i mot planane legge fram sitt syn. Dei som kjem til møte, kan også få stille spørsmål, eller kome med sine innspel og kommentarar.

Eg håper det kjem mange til informasjonsmøte onsdag i neste veke.

Sunnfjord kommune tek skulefråvær på alvor

Sist fredag skreiv eg om folkehelseprofilen i kommunen. Vi gleder oss over det vi er gode på, men må samstundes vere open om utfordringane vi står overfor. Fråvær i barne- og ungdomsskulen er ei av dei. Eg nemnde også at vi har organisert eit eige prosjekt for å gjere oss i betre stand til å få ned fråværet.

Vi veit at det er mange elevar i Noreg som strevar med å møte på skulen. Det er ulike årsaker til det, og vanskeleg å peike ut på førehand kven som vert råka. Skulefråvær er ein problematikk som oppstår jamt fordelt mellom gutar og jenter, i alle sosiale lag, og alle aldersgrupper. Det er også grunnen til at det er utfordrande å jobbe med. Vi kan likevel ikkje late vere å gjere noko med det. I Sunnfjord, som i mange andre kommunar i landet, har vi ei auke i tal elevar som ikkje greier å møte på skulen. Mange opplever at det varierar kva oppfølging dei får og korleis systemet samarbeidar Det kan få store konsekvensar for eiga helse, familieliv og fritid både for eleven og dei føresette. Då lyt vi gjere noko! Og kva gjer vi så i prosjektet?

Der har vi nokre konkrete resultatmål, der det viktigaste sjølvsagt er færre elevar med alvorleg skulefråvær. Vi vil at elevar og føresette skal oppleve større rom for medverknad og

meir heilskapleg oppfølging enn i dag. Gode samhandlingsrutinar og tidleg innsats er ein viktig del av det. Her lyt vi starte i ein ende, og ein viktig del av den starten er å få ein god oversikt. Nøyaktig fråværsføring og lik forståing av korleis fråvær vert tolka er dei viktigaste førebyggande verktøya vi har. Korleis vi har starta å jobbe med det kan du sjå her 

Eg syns det er eit spanande prosjekt vi har på gang, og tenker at dersom vi lukkast, kan vi få ned fråværet generelt, men kan hende enno viktigare; for kvar einaste elev vi kan hjelpe på vegen til skulen, kan vi redusere dei negative og uheldige følgjene det kan ha for livet som følgjer. Eg ønskjer alle i prosjektet lykke til vidare med arbeidet.

Omfattande rehabilitering av Førde ungdomsskule

Dei fleste kjenner til at Førde ungdomsskule vart råka av brann i oktober i fjor. Det vart dessverre omfattande skader i fløya der brannen oppstod, klasseromma i vest og i skulen sine administrasjonslokale. Vi må difor rive og bygge opp att heile fløy B (der brannen starta)

Brannskade på Førde ungdomsskule - Klikk for stort bileteBrannskade på Førde ungdomsskule Sunnfjord kommune

I dei to andre hardt råka lokala må vi bygge opp igjen i samsvar med nye tekniske krav. I tillegg vil vi gjere nokre tiltak for å ruste opp bygningsmassen generelt. Det vert blant anna bygd nytt ventilasjonsrom på taket over ein av fløyane. Dit må også til med ei ny trapp for å legge til rette for framtidig service og vedlikehald av anlegget.

Difor har vi no lyst ut ein konkurranse. Eg håper lokale entreprenørar finn arbeidet interessant. Då håper vi å kome i gang med arbeidet i april og at vi kan vere ferdig i oktober i år.

Det fortener alle ved skulen, elevar og tilsette!

 

God helg til alle!

Terje Heggheim
Kommunedirektør Sunnfjord kommune

Kontakt

Profilbilde av Terje Heggheim
Terje Heggheim
Kommunedirektør
E-post
Telefon 91 10 12 66