Nytt frå kommunedirektøren 10. november 2023

Sande bibliotek satsar digitalt. Fagdag for verneomboda. Løypemelding om arbeidet med ny brannstasjon i Førde. Frisksenteret i Naustdal passerer ein milestaur. Fagdag for lærarane i Sunnfjordskulen. Vie barnehage styrkar vi-kjensla og hjelper andre born. Konsert på Naustdal omsorgssenter.

Sande bibliotek satsar på auke av digital kompetanse hjå store og små

Ei gruppe med kvar sin PC på datakurs - Klikk for stort bilete Sunnfjord kommune

25. september vart det organisert eit kurs i grunnleggjande bruk av telefon og nettbrett i samarbeid med Gaular Pensjonistlag. Dette var tredje gong biblioteket og Pensjonistlaget samarbeida om eit kursopplegg med eksterne kursleiarar. Både oppmøtet og humøret var godt! Datakurset på Sande bibliotek er eit gratis tilbod og vert organisert igjen 15. november klokka 11.00. Meir informasjon og påmelding finn du på Biblioteket sine sider. I tillegg tilbyr biblioteket eit lågterskel datatreff for vaksne annankvar onsdag i oddetals veker frå klokka 12.00–14.30.

Sande bibliotek vert flittig brukt av elevar som ein stad å slappe av og spele etter skuletid. 

Vi har to datamaskinar og ein Playstation 4 som er flittig i bruk. No er vi midt i Bibliobattles-veka, og bibliotekaren vonar at mange lag frå heile Sunnfjord deltek i år! Bibliobattles er ei årleg, gratis Minecraft-turnering for barn. Dei kan øve seg på lagarbeid og kreative byggeprosjekt, og får konkurrere med andre lag i fylket og nasjonalt. Vinnarane får gåvekort på 1000 kroner til kvar person på laget og ein valfri spelkonsoll til bruk på det lokale biblioteket.

Fagdag for verneomboda 

Føredragsholdar viser bilde på stor skjerm til ei gruppe - Klikk for stort bilete Sunnfjord kommune

Torsdag 9. november var 55 verneombod i kommunen samla til fagdag i Førdehuset i regi av hovudverneombodet Veronica Jamaris Huus. 

Personalsjefen gikk igjennom kommunen sitt HMT- system, og nye aktivitetar og tiltak innan HMT i kommunen. 

Nav Arbeidslivssenter v/Hanne Lisbeth Nybø og Ruth B. Lødemel, foreleste om det høgst aktuelle temaet; «Emosjonelle krav og belastningar- kva gjer det med oss å halde maska på jobb?» 

Hovudverneombodet melder om gode diskusjonar og stort engasjement frå verneomboda. Tilbakemelding frå verneomboda var og at dette var ein kjekk og lærerik dag. Gode og viktige tema, samt at det er nyttig å reflektere, diskutere og utveksle erfaringar saman.

 

Eit steg nærare ny brannstasjon i Førde

Skisse – Ny brannstasjon i Førde. - Klikk for stort bileteSkisse – Ny brannstasjon i Førde. Sunnfjord kommune

Sunnfjord kommune har i desse dagar varsla oppstart av detaljreguleringsplan for ny brannstasjon i Førde, ved sidan av og vest for politistasjonen, samt område vest og nord for brannstasjonen. I tillegg til å regulere for brannstasjon, vil området også bli regulert for uteopphaldsareal for skulen, butiltak for psykisk helse, og ein turveg gjennom området. 

Det er iVest Consult som har fått oppdraget med å utarbeide detaljreguleringsplanen. Sunnfjord kommune har sett krav om at endeleg reguleringsplan skal vere vedteken i løpet av juni 2024.  Xform har fått oppdraget med å prosjektere og utarbeide skisser og konkurransegrunnlag for brannstasjonen. Planen er at konkurransegrunnlaget skal ut på anbud tidleg i mars 2024, med val av totalentreprenør seinast i mai 2024. Planlagt byggestart er august 2024, med ferdigstilling hausten 2025. Det vert arbeidd med å sjå på moglegheitene for at Sivilforsvaret og eventuelt Røde Kors, kan integrerast i lag med brannstasjonen. Dette skal vi avklare i løpet av november 2023.

 

Frisksenter i Naustdal – Bankbygget blir teke i bruk

Tre damer står ved ei samling flyttekassar. - Klikk for stort bileteFrisksenter – flyttebilde Sunnfjord kommune

Kommunestyret vedtok i desember 2022 oppstart av arbeidet med ombygging av kommunehuset og bankbygget i Naustdal til eit nytt «Frisksenter». No er første store milepæl snart nådd. Entreprenør Harald Kapstad AS arbeider i desse dagar med å ferdigstille bankbygget slik at dette skal vere ferdig og klart til innflytting frå og med 4. desember. Det er først no når ein fjernar «innpakkinga» at ein vil sjå bankbygget i si nye drakt. Bygget har vore innpakka under stillas i heile byggeperioden. Stillast vert no montert på og over kommunehuset. Bankbygget vil og få ny funksjon, her vil ein frå hausten 2024 finne heimetenesta, fysio- og ergoterapi samt aktivitetseininga med frisklivtilbod.

Sidan kommunehuset skal tømmast skal einingane som er i kommunehuset mellombels flytte over i bankbygget – dette gjeld kyrkjekontoret, servicetorg, psykisk helse og rus samt aktivitetseininga med frisklivtilbod. Desse vil såleis vere på flyttefot i veke 49, og ha ein mellombels base i bankbygget frå medio desember og fram til kommunehuset er ferdig hausten 2024. Den siste månaden har vore nytta til å førebu flytteprosessen. Fleire lag og organisasjonar som har nytta kommunehuset til ulike formål har pakka ned sitt utstyr og flytta til andre lokalitetar. 

Kommunen si serviceeining er no i ferd med å sortere og pakke ned over 300 hyllemeter med arkivmateriale som blir flytta til nytt arkiv i Førde. Den store flyttesjauen blir altså i veke 49. Då blir resten av kommunehuset tømt og flytta over i bankbygget. I veke 49 vil difor einingane vere lite tilgjengeleg for publikum og vi vonar de har forståing for dette. De må gjerne ta kontakt med einingane på Rådhuset i Førde i denne perioden.

Felles fagdag for lærarar i Sunnfjordskulen

Ei stor gruppe lærarar sit og følger med på storskjerm - Klikk for stort bilete Sunnfjord kommune

Fredag 3. november var over 350 lærarar og skuleleiarar samla til felles fagdag med tema vurdering og begynnaropplæring. Sunnfjordskulen har desse to områda som satsing framover. God kompetanse på vurdering og vurderingspraksis er viktig for elevane si læring og motivasjon. Korleis vi arbeider med den første opplæringa og tidleg innsats, er viktig for elevane si utvikling vidare i skulen. Lærarar og skuleleiarar fekk eit føredrag med Kjell Evensen, som har skrive fleire bøker om vurdering. Han engasjerte, utfordra og kom med ulike døme på vurderingspraksis. Etter lunsj samla lærarar som underviser på 5.–10. trinnet seg på Førde ungdomsskule og Førde barneskule, for å arbeide i grupper og etablere nettverk. Lærarane som underviser på 1.–4. trinnet fekk etter lunsj ei førelesing med Bjarte Furnes frå Universitetet i Bergen. Han underviser til dagleg på bachelor- og masterstudiet i spesialpedagogikk og forskar på lese- og skrivevanskar, risikomarkørar, og korleis lese- og skriveferdigheiter påverkar kvarandre.

Vie barnehage styrkar vi-kjensla ved å hjelpe andre

Ei gruppe barn er ute og spring med refleksvest på.  Ein vaksen tek bilde av dei. - Klikk for stort bilete Sunnfjord kommune

I oktober og november har vi tema likeverd, inkludering og respekt. (Sjå meir informasjon i årsplanen vår). Vi jobbar då mellom anna med Forut barneaksjon, som er ei pedagogisk opplegg der barn i Noreg lærer om barn i andre land. Onsdag 1. november hadde heile barnehagen barneløp i sjukehusparken kor vi samlar inn pengar til Forut sitt bistandsarbeid og fadderbarnet vårt. Det er ei frivillig innsamling der foreldre kan bidra med ein valfri sum for kvar runde barnet spring (maks 3 rundar).

Arrangementet er særs kjekt og er med på å styrke «vi-kjensla» i barnehagen. Først er det oppvarming med maskoten «Monki» før barna spring 1–3 rundar og blir heia på av dei andre avdelingane. Etterpå vert det servert varm saft. Sjå meir informasjon på heimesida til Vie barnehage.

Konsert på Naustdal omsorgssenter

Ei gruppe spelar og syng for ei stor gruppe eldre på Naustdal omsorgssenter. - Klikk for stort bilete Sunnfjord kommune

Gruppa “Born in Sunnfjord”, beståande av Camilla Søvik, Hugo Mølmesdal og Tor Ivar Flatjord, gav dei som bur på Naustdal omsorgssenter ei flott musikalsk stund, torsdag 9. november. Bandet reiser rundt og besøker alle omsorgssentera i kommunen. Det var til stor glede for bebuarar, heimebuande eldre og personale som deltok her.

Plan for helga?

Dersom du ikkje har bestemt deg for kva du skal bruke helga til, kan du kanskje få ein idé ved å sjå gjennom ulike kulturhendingar og anna som skal skje. Her kan du i alle fall sjå gjennom aktivitetskalenderen.

God helg til alle!

Terje Heggheim
Kommunedirektør

Kontakt

Profilbilde av Terje Heggheim
Terje Heggheim
Kommunedirektør
E-post
Telefon 91 10 12 66