Kort om planen
Kommunen har utarbeidd forslag til lokal forskrift for utrekning av satsar til private barnehagar. Forskrifta skal sikre føreseielege og likebehandlande rammer for finansiering av private barnehagar i kommunen, i tråd med barnehagelova og nasjonale reglar.
Formålet med forskrifta er å fastsette korleis kommunen reknar ut grunntilskot til private barnehagar, basert på kommunale kostnader til tilsvarande kommunale barnehagetilbod. Forskrifta skal bidra til openheit om berekningsgrunnlaget og gi større føreseielegheit for barnehagane.
I forskrifta blir det mellom anna regulert:
- kva kostnader som skal inngå i berekningsgrunnlaget
- korleis satsane blir fastsette og justerte
- handsaming av avvik og særlege forhold
Forslaget er sendt på høyring for å få innspel frå private barnehagar, kommunale barnehagar, foreldreutval og samarbeidsutval(SU), fagforeiningar, PBL, Vestland revisjon og andre relevante instansar.
Sjå viktige dokument i saka
Sei di meining innan 13. august
Kommunen inviterer innbyggarar og andre aktørar til å seie si meining om forskrifta. Fristen for å sende inn innspel er 13. august.
Du får ikkje svar på innspelet ditt, men alle innspel blir lagt ved i den vidare saksbehandlinga. Innspel som blir sendt inn blir offentleg tilgjengelege på nettsida, med mindre dei inneheld sensitive data. Brukar du e-post, vil e-postadressa di bli offentleg tilgjengeleg.
Slik sender du innspel
Du kan sende innspel i elektronisk i skjema:
Send innspel til 26/2182
Du kan også sende innspel på eDialog eller per post , då må du merke saka med saksnummer: 26/2182
- eDialog
- Sunnfjord kommune, Postboks 338, 6802 Førde
Har du spørsmål?
Du kan ringe eller sende e-post til Åge Stafsnes eller Gro Bjørvik om det er noko du lurer på.