Eigenberedskapsveka 2024

Eigenberedskapsveka 2024 startar måndag 28. oktober. I løpet av Eigenberedskapsveka vil alle husstandar i landet få ei brosjyre i posten. Den inneheld viktig informasjon om kva du kan gjere for å førebu deg på kriser.  

Norske myndigheiter tilrår at flest mogleg er førebudde på å klare seg sjølv i éi veke. I brosjyren får du konkrete råd om kva du kan gjere.  

Vi oppfordrar alle til å lese brosjyren og styrke sin eigenberedskap!  


Om eigenberedskapsråda

Eigenberedskapsråda som blir presentere i brosjyren, blei oppdaterte i 2024. Dei blei lansert på sikkerhverdag.no i mai.  

Hensikta med råda er at ein skal vere i stand til å dekke dei mest grunnleggjande behova i ein krisesituasjon: varme, lys, drikke, mat, legemiddel, førstehjelp, hygiene og informasjon.

Bakgrunnen for oppdaterte råd er ei forverra tryggleikspolitisk situasjon i Europa. Andre viktige drivkrafter er klimaendringar som fører til meir ekstremvêr, og samfunnet si  avhengigheit av straum, vatn og mobilnett.

Les meir på kommune si nettside
 

Kontakt

Profilbilde av Jan Birger Moe
Jan Birger Moe
Einingsleiar personal
E-post
Telefon 57 61 27 06
Mobil 91 00 10 40