Eigenberedskap

Har du alt du treng for å klare deg sjølv i minst tre døgn dersom straum og vatn plutseleg vert borte?

DSB (Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap) anbefaler at alle husstandar i Noreg tek nokre enkle grep for å betra sin eigenberedskap. Dei har utarbeidd konkrete råd for alle innbyggjarar som du kan lese på sikkerhverdag.no. Her finn du blant anna forslag til eit beredskapslager for å klara seg heime i minst tre døgn (72 timar).

Jod er ett av punktene på lista over ting du bør ha i egenberedskapslageret ditt.
NB: Det er kun Jodix 130 mg jodtabletter som er anbefalt ved atomulykke. Kosttilskudd inneholdende jod er ikke anbefalt.

 

Kvifor eigenberedskapsråd?

Ekstremvêr kan føra til bortfall av kritisk infrastruktur som til dømes straum, vatn og mobilnettet.

I tillegg er vi som bur i Noreg, som er blant verdas tryggaste og mest stabile land, vande med at det meste stort sett fungerer som det skal. Det er veldig mange tenester og funksjonar vi er avhengige av for at det daglege livet vårt skal gå rundt utan store problem. Det er faktisk ein sårbarheit.

Sjølv om me lever i eit trygt land, kan uønskt hendingar oppstå også hos oss. Og om vi blir ramma av ei stor hending eller krise, er det mange som treng hjelp.

Ved å vera førebudd bidreg du til at dei som treng det mest, får hjelp først i ein eventuell krisesituasjon. På den måten er du ein del av beredskapen i Noreg.

Brosjyre, norsk (PDF)

Brosjyre, engelsk (PDF)

Brosjyre, polsk, somalisk, arabisk, (PDF)