Kommunen si beredskapsleiing hadde møte onsdag ettermiddag og bestemte følgjande.
1. På grunn av farevarsel for nedbør på raudt nivå har beredskapsnemda i Sunnfjord kommune vedteke at elevar i følgjande område blir bedne om å vere heime torsdag 31.10.2024:
- Skei skule: elevar i området Førs, Kjøsnesfjorden, Stardalen, Lunde og Sørsida av Jølstravatnet
- Vassenden skule: Sørsida av Jølstravatnet
- Holsen skule: Haukedalen
- Førde ungdomsskule: Erdalen og Kvieneset
- Halbrend skule: Haukedalen
- Førde barneskule: Erdalen og Kvieneset
- Naustdal skule: Vevring og langs vegen frå Vevring til Naustdal. Elevar som bur langs vegen Førde-Naustdal
- Sande skule: Laukeland via Saltkjelen
- Bygstad skule: Saltkjelen
Føresette som vel å halde eleven heime i andre område vil ikkje få registrert fråvær, men send melding om at eleven blir heime.
2. Kommunestyret sitt møte torsdag 31. oktober vert gjennomført som Teams-møte. Det vert sendt ut eigen informasjon til kommunestyret sine medlemer.
Kommunen har gjennomført førebuande tiltak i samsvar med beredskapsplanen.
Vi oppmodar alle om å halde seg oppdatert om varselet på www.varsom.no.
Folk vert oppmoda om å følgje med på kritiske/sårbare punkt og infrastruktur som ein ut frå erfaring veit er utsett ved denne type vêr/naturhendingar. Utfør eventuelle førebyggande tiltak som kan bidra til at vatnet kan renne fritt i det naturlege løpet. Det kan vere å reinse stikkrenner, rister, kulvertar, bekker og andre vassvegar.
Som følgje av stor mengder nedbør kan det bli stor vassføring i elvar og bekkar. NVE oppmodar difor om at folk held god avstand, fordi det raskt kan oppstå erosjonsskadar eller flaum, eller at elvar og bekkar kan ta nye løp.
Det er no kome melding om stengte vegar. Statens vegvesen og fylkeskommunen vil kome med fortløpande informasjon om status på vegnettet. Oppdatert informasjon finn de på www.vegvesen.no.
Kommunen vil informere om eventuell stenging av kommunale vegar på kommunen si heimeside.
Kommunen si beredskapsleiing vil ha nytt møte torsdag morgon kl. 0700, eller tidlegare ved behov.
Kommunen vil delta i nytt samordningsmøte med Statsforvaltaren torsdag 31. oktober kl. 1000.
Følg med på heimesida til kommunen for oppdatert informasjon.